Ukas Låt

Passion Pit
Take a walk

Ukas Album

Ukas album - <h5>The Brian Jonestown Massacre</h5> Aufheben

The Brian Jonestown Massacre
Aufheben

Twitter

@srib Truls Svendsen på Gullruten: «Øynene dine sier at dette er til personlig bruk. Er du fra Studentradioen?»


Facebook


Frå Storbritannia til Sør-Afrika


Denne vekas sending i Utanriksmagasinet Mir er ei magasinsending der me mellom anna tek eit tilbakeblikk på valet i Storbritannia, samstundes som me ser framover mot Fotball-VM i Sør-Afrika og kva for konsekvensar det arrangementet kan ha for landet. Me ser nærare på databruk i skulesamanheng, og vekas spalte er “Statslause nasjonar”.

Åsgeir Kjetland Rabben · Utenriksmagasinet Mir
Publisert: 23/05/2010 Sist oppdatert: 26/05/2010 15:17

Denne vekas sending i Utanriksmagasinet Mir er ei magasinsending der me mellom anna tek eit tilbakeblikk på valet i Storbritannia, samstundes som me ser framover mot Fotball-VM i Sør-Afrika og kva for konsekvensar det arrangementet kan ha for landet. Me ser nærare på databruk i skulesamanheng, og vekas spalte er “Statslause nasjonar”.

Farewell, Mr Brown
Valet i Storbritannia er vel overstått, sigerherrane er blitt samde om fordelinga av krigsbyttet, og Gordon Brown ligg att i rennesteinen utanfor Downing Street. David Cameron kan krona seg med tittelen The Right Honourable Head of Her Majesty’s Government, og Nick Clegg vil dei neste åra romstera i kulissane som Deputy Prime Minister of the United Kingdom. Under valkampen vart det snakka mykje om reform av det forsteina britiske valsystemet, og Fredrik Sagafos vil sjå på kva for konsekvensar valutfallet får for dette.

Afrikansk fotball
Om tre veker brakar det laus i Sør-Afrika, for første gong skal fotball-VM arrangerast på det afrikanske kontinentet. H. M. Haanes Ruset vurderer konsekvensane dette kan få for Sør-Afrika når det gjeld eksponering for omverda og økonomisk utvikling.

Elevar med firkanta auge
Vår teknologifrik av ein reportar, Aslak Rødder, har snakka med lektor ved Trondheim Katedralskule, John Arne Ormbostad om databruk i skulen og om det å senda datamaskinar til den tredje verda er ei effektiv form for u-hjelp. I samband med dette kjem han inn på Nicolas Negraponte sin 100-dollars datamaskin og om India som har utvikla ein datamaskin som skal kosta berre 10 dollar.

Statar som ikkje finst
Vekas spalte handlar om statslause nasjonar, og tek denne gongen ein nærare kikk på ikkje-anerkjente utbrytarstatar frå tidlegare Sovjetrepublikkar. Kvifor er det så mange av dei, og korleis fungerer dei i det internasjonale statssystemet?

———————————————————————————————————————–

Har du en kommentar til ukas sending? Send oss en mail på umir@srib.no.

Utenriksmagasinet Mir kan du høre hver torsdag fra klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Hver uke kan du høre utenrikspolitiske analyser, kulturelle reportasjer og diskusjoner om ukjente eller kjente problemstillinger i verden. Gikk du glipp av ukas sending? Den kan du høre i reprise her, eller du kan laste ned podcasten vår. Du kan og følge oss på iTunes.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern