
Eit innblikk til verdas største avkrok
I sommar har me fått rapportar om urolegheitene i Kirgisistan. Dei dramatiske hendingane i «sentralasias Sveits» vert difor Utanriksmagasinet Mir sin innfallsport til ein av dei mest bortgøymde delane av verda. Kva plass har sentral-asia i dagens utanrikspolitiske bilete?
Åsgeir Kjetland Rabben · Utenriksmagasinet Mir
Publisert: 04/09/2010 Sist oppdatert: 09/09/2010 14:21
Historiske knutepunkt i moderne stormaktsspel
Dei no avsidesliggande byane Samarkand og Bukhara i dagens Usbekistan var ein gong mellom dei viktigaste handelsbyane ved Silkevegen – handelsnettverket som knytte saman Kina og Europa. Byane står der framleis som symbol over fordums rikdom. Aslak Rødder fortel oss korleis regionen på 1800-talet vart åstad for britiske og russiske imperialistar på kollisjonskurs. Og i dag er dei sentralasiatiske statane igjen blitt viktige for stormaktene i eit spel om naturressursar og oljeledningar.
Arva etter sovjetiske feilkalkuleringar
Fram til 60-talet var Aralsjøen i Kasakhstan og Usbekistan verdas fjerde største innsjø. Sidan den gongen har han stadig krympa som konsekvens av storstila jordbruksprosjekt som stjel vatn frå elvane som renn inn i sjøen. Den sørlege delen er snart heilt borte, medan det i nord vert gjort forsøk på å redda stumpane av den kasakhstanske delen av sjøen. Fredrik Sagafos ser nærare på dei miljø- og samfunnsmessige konsekvensane av Aralsjøen sitt forsvinningsnummer.
Kirgisiske revolusjonar
Rasande folkemengder trengte seg i vår inn i presidentpalasset i Kirgisistans hovudstad Bisjkek og tvang presidenten på flukt. Kort tid etter kom det til valdelegheiter mellom kirgisarar og usbekarar i det sørlege Kirgisistan, og fleire hundre sivile vart drepne. Ivar Dale frå Helsingforskomiteèn fortel oss kvifor.
Har du en kommentar til ukas sending? Send oss en mail på umir@srib.no.
Utenriksmagasinet Mir kan du høre hver torsdag fra klokka 10 til 11 på Studentradioen i Bergen. Hver uke kan du høre utenrikspolitiske analyser, kulturelle reportasjer og diskusjoner om ukjente eller kjente problemstillinger i verden. Gikk du glipp av ukas sending? Den kan du høre i reprise her, eller du kan følge oss på iTunes.
Tweet





