
Denne veka: Kongeleg innavl. Neste veke: Du bestemmer!
Gult Kakestykke si premieresending handla om innavl i dei europeiske kongehusa. Sjarmøren på biletet var Kong Karl den andre av Spania, den siste habsburger.
Andreas H. Opsvik · Gult Kakestykke
Publisert: 18/08/2011 Sist oppdatert: 20/08/2011 14:54
I tillegg til å legge ut om det merkelege familietreet til Karl, såg me nærare på mytene om at svenskeknugen er innavla, og på spørsmålet om kven som eigentleg var far til kong Olav. Du kan høyre heile sendinga i lydklippet under:
Gult Kakestykke — Innavl i europeiske kongehus
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Men no er det din tur. Spørsmålet vårt på slutten av programmet var kva me skal ha om neste gang. Me stiller spørsmålet her på nettsidene:
Send inn ditt svar om du vil vere med å påverke kva me skal ha om!
Gult Kakestykke er ein triviabasert historiehalvtime. Kvar veke finn me dei beste historiene frå fortida — gjerne med eit glimt i auget. Gult Kakestykke går ikkje i breidda, men har som mål å gi deg anekdotene som gjer deg mest interessant på vorspiel.
Tweet




