Facebook


Lyd i vinden


Tysdag opna Borealisfestivalen i Håkonshallen – med barokk musikk slik du aldri har høyrt det før

Sunniva Rebbestad · Skumma Kultur
Publisert: 24/03/2011 Sist oppdatert: 24/03/2011 18:53

Borealisfestivalen kan opplevast i Bergen 22.-26. mars. Festivalen profilerer seg gjennom samtidsmusikk, noise og lydkunst. Kunstnarisk leiar for festivalen, Alwynne Pritchard, utdjupar:

— Eg trur Borealis er ein festival som breiast mogleg utforskar forholdet mellom lydar. Klassisk samtidsmusikk er ryggraden til festivalen, men innflytelsen denne musikken har hatt på mange andre typar musikkskaping har vore veldig stor dei siste femti-seksti åra.

Desse ringverknadane gjer at mange andre element også vert involvert i festivalen, fortel Pritchard. Borealis er ein kompleks festival, som byr på både musikk, film, kunst og høgtlesing av forfattarar.

— Det eg tykkjer er spanande, er å utforske moglegheitene i musikk og lyd. Vi utforskar ikkje musikken rundt oss i kvardagen nok, trur Pritchard. Folk har sine favoritt-spelelister, favorittartistar og favorittband.

— Musikk handlar sjølvsagt om å vere saman i ei gruppe, men det dreier seg også om å finne ut kva som er unikt med deg og kva som er spesielt ved oss alle. Eg trur lyd har eit stort potensial for å gjere dette.

Pritchard understrekar at festivalen ikkje berre vil appellere til kunststudentar med mastergrad.

— Sjølvsagt kjem det folk som veit mykje om musikk, og spesifikke ting vil vere verkeleg interessant for desse.

Eit døme er laurdagens framføring av stykket Professor Bad Trip, som inneheld ein del av kjernen til klassisk samtidsmusikk. Pritchard meiner imidlertid at det kjem an på korleis du lyttar.

— Vi har sofaar å sitje i til alle, serverer varm sjokolade og atmosfæren vil vere avslappa

Denne musikken kan alle lytte til, meiner Pritchard. Det kjem an på korleis ein presenterer den. Tor Åge Bringsværd vil også gjere ei høgtlesing.

— Eg vil at menneske som les litteratur skal kome og lytte til musikk.

Sjølv om ein normalt ikkje lyttar til denne typen musikk, trur Pritchard folk vil like det dersom ein skaper det rette miljøet og det rette programmet.

— Kanskje vil festivalen opne folks smak innan musikk, tekstar og kunst?

— Det ville eg verkeleg setje pris på. Eg har ikkje noko imot å setje opp eit program med namn mange ikkje har høyrt om. Dersom folk stolar på at Borealis veit kva dei driv med, tek ein risk og tek turen innom, trur eg dei vil få ei god oppleving.

Problemet er, meiner Pritchard, at mange fantastiske artistar lagar god kunst, og dersom dei ikkje har ein stor publisitetmaskin bak seg, eller ikkje er interessert i å gå ta den vegen, så har ikkje folk høyrt mykje om dei. Det betyr ikkje at dei ikkje er like gode eller betre enn det som konstant vert pumpa mot oss.

Som ein del av eit tre år langt samarbeid, vil Borealisfestivalen også tilbringe ein dag i den historiske industribyen Odda. Ifjor bidrog Borealis til litteraturfestivalens symposium i Odda. Målet er å neste år kunne fylle dei store fabrikklokala med publikumarar. For at gjestane skal reise hit, vil ein i år satse på å gjere dei kjende med lokalmiljøet i Odda – dette gjennom konsertar i små lokaler som butikkar, kafear og private heimar.

— Neste år vil vi arrangere ei storhending her, håper Pritchard.

Høyr kunstnarisk leiar Alwynne Pritchard presentere nokre av årets artistar – lytt til heile intervjuet her:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Skumma Kultur silar ut skummet, den beste av den beste kulturen både i Bergen og resten av verdssamfunnet kvar måndag kl. 11. Du kan også lytte til vår podcast. Har du tips, anbefalninger, kritikk eller ros? Send det meir enn gjerne til skummakultur@srib.no.

(Bilete: Svennevenn)




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.


Anbefalinger fra Facebook

Lignende artikler



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern