Podcast

Lage radio?

Vil du være med i radioen?

Send inn en søknad

Twitter

Lyst på eget radioprogram? Bli med i SRIBs pilotkonkurranse! http://fb.me/DL03K3dQ 3 days ago



Sendeplan


Tirsdag


Onsdag


Torsdag


Fredag


Lørdag


Søndag


Nyheter


Repriser

Hjem

Ukas Album

Ukas album - Di Kjipe – Kor E Du No

Di Kjipe – Kor E Du No

Ukas Låt

Miniature Tigers – Gold Skull



Kontakt

Lenker

Phonofestivalen 2009-logo

Facebook

Bergenskultur på tiltalebenken

Sist laurdag var det nok ein premiere på Den Nationale Scene. Denne gongen var det Bergens-klassikaren «Jan Herwitz» som stod på plakaten. Frå Studentradioen i Bergen møtte ein bergensar og ein trøndar opp.


«Jan Herwitz» handlar om kjøpmannen Herwitz, ein vemodig enkemann fra det bergenske borgarskap. Han har satt sin stolthet på å hedre sin far og hans oppfinningar av ymse slag for alle som vil høyre, men finn sjeldent nokon som orkar å høyre på prisinga. Når doktor Wulfsberg frå austlandet kjem til byen og visar interesse for den avdøydde Herwitz sine oppfinningar, ser den nostalgisk anlagte Herwitz endelig eit lyspunkt i kvardagen. Døtrene hans, då spesielt den eldste – Annike – fattar òg interesse for den unge austlendingen. Vendinga kjem då doktor Wulfsberg tråkkar i salaten og gjer narr av oppfinningane i eit selskap. Dette overhøyrar sjølvsagt Herwitz, og slepp så sin vrede laus. Det heile snur igjen og blir ei «Romeo og Julie»-aktig kjærleiksshistorie der dei to forelska; doktor Wulfsberg og Annike trossar sin far for å vere saman.

Jan Herwitz

Tradisjon?

Teatersjef Bjarte Hjelmeland seier i eit intervju med Srib at agendaen bak dette stykket er at tradisjonen det representerer skal viderebringes. Historien er sterkt knytta til teateret. Men målgruppa er heller snever. Hjelmeland seier dei helst vil nå ut til så mange som mulig, men innrømmar at forestillinga først og fremst appellerar til godt voksne frå heile vestlandet.

Vi skjønnar intensjonen til Hjelmeland, men krev ikkje ei teateroppsetning meir enn dette? Reint teatermessig er «Jan Herwitz» inga storslagen forestilling. Sjølv om det i grunnen ikkje er noko å utsette på skodespelet, regien, scenografien og andre viktige teatrale element, gjer ikkje denne forestillinga meir enn det.

Kvifor flirar ikkje trønderen?

Er det fordi ho ikkje kjenner tradisjonen til dette stykket? At ho ikkje har bergensk humor? Eller rett og slett fordi denne typen teater er gammeldags, oppbrukt og passar mer som revy på eit samfunnshus? Svaret på dette ligg vel i eit sitat frå Herwitz sjølv: «De vet ikke hva de har gjort, for de er ikke her fra byen».

Oppsettinga har eit sterkt preg av at hovudmålgruppa er borgerskapsbergensarar i overgangsalderen, alle ikledd dress og med raudvinsbart. Dei flirar og klappar hjerteleg i løpet av forestillinga, men om dei kan sjå eller forstår lagane av ironi og brodden mot sjølvgodheten til mange bergensarar forblir uvisst.

Lokalhumor

Oppramsinga av tapte bergenske uttrykk, den overdrevne skarringa og humorstilen som fortsatt figurerer på utallige amerikanske sitcoms den dag i dag skal heilt klart vere sjarmerande og appellere til publikum, men for dei under 50 blir dette fort både tåpelig og litt slitsomt. Det er unektelig et par morsomme poeng, som når dei harselerer med strilane frå austlandet, og dei ein sjeldan gong spøkar uten det laget av ironi som forpester alle humoristiske poeng under forestillinga.

Alt i alt fungerer det fint for dei som går frivillig og med eit klart syn på kva dei går til, men for oss som håpa på bergensk kulturarv vart dette svært skuffande. «Høydepunktet» nås når heile salen under eit sceneskift reisar seg og syng «Nystemten» i kor. Bergensaren må ærleg innrømme at det var første gang ho høyre den songen utanom brannkamp-samanheng eller 17. mai. Trøndaren blir litt ille berørt av av den kleine bekreftinga av kor sjølvhøgtydelege og -opptatte bergensarane er. Dog skal det seiast at hadde ein gjort ei moderne vinkling på stykket, kunne det fint fungert som kritikk mot den vestlig overklasse sine fordommar og egoisme.

Museumsforestilling

«Vi følger tradisjonen så godt vi kan, men det blir likevel ingen museumsforestilling» seier eit sitat frå programheftet. Men det er jo nettopp det denne forestillinga gjer, og ikkje noko anna. Om ein skal vidareføre ein tradisjon, må det tåle at det blir gjort om, utfordra, og «leikt» med. Og gjeres av meir enn av den grunn berre som tradisjon. Jan Herwitz som er ein del av den bergenske kulturarv, burde vitteleg tåle meir enn berre dette. Vi kan altså konkludere med at dette stykket er ytterst generasjonsbetinga, og for vidare overlevelse vil det nok trenge ei kraftig renovering!

Skumma Kultur følgjer temaet DNS.

Skumma Kultur er Studentradioen sitt kulturmagasin, som kvar måndag klokka 18.00 tek for seg forskjellige kulturbegivenheiter i og rundt Bergen. Du kan høyre reprise av førre vekes sending her.



Skrevet av Ingrid Saltvik Faanes, Skumma Kultur
Publisert: 29/09/2009 Sist oppdatert: 29/09/2009 19:58


Del med verden!: facebook twitter identica nettby kudos


Lignende artikler



2 tilbakemeldinger på “Bergenskultur på tiltalebenken”


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009.

Ansvarlig redaktør SRiB: Marius Kjørmo.


Meir om SRiB

Kontakt

Telefon

55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Postadresse

Studentradioen i Bergen
Parkveien 1
5007 Bergen

Besøksadresse

Parkveien 1 5007 Bergen


Kontaktskjema

Om siden

SRiB.no, drive av Wordpress, designa av Tanketom, hosta av Fribyte.

Intern