Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Vinn The Expendables-billettar – lag din drøymefilm!


The Expendables er kulmineringa av 80-talets actionfilmar, i alle delar. Denne vekas konkurranse spelar veldig på dette!

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 26/08/2010 Sist oppdatert: 26/08/2010 13:01

Konkurransa er som følgjer:

Kven skulle ha spelt i din favorittfilm?

Velg ut ca. tre-fire skodespelarar og set saman din drøymefilm. Bonuspoeng for å lage karakterar og tittel! Dersom du har eit godt forslag, send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.

Med unntak av The Expendables, har me óg sett Varg Veum: Skriften på veggen, og den lenge etterlengta Toy Story 3.

The Expendables – trailer

Ei testosteronbombe av dei sjeldne, og det er akkurat det som er poenget. Filmen er ei samling av 80-tallets actionheltar som gjer det dei kan, 80-tals actionfilmar. Sylvester Stallone står både bak og framfor kamera i denne filmen, og har sikkert laga den filmen han skulle ynskje han laga for nokre tiår sidan. Ta filmen for det det er, Actionfilm med stor A.

Varg Veum: Skriften på veggen – trailer

Ein substandard norsk krimfilm, som bér preg av at regissør og kamerafolk har sett litt for mykje på «Menn som hater kvinner». Varg Veum har no vore seks filmar, og det er planlagt seks til. Kanskje dei kunne ha kondensert det ned til tre «litt-meir-enn-halvgode» filmar? Lene Nystrøm — not so much.

Toy Story 3 – trailer

Kanskje ikkje den beste i rekka, men absolutt den mest vaksne. Til tider veldig mørk, og er kanskje hovudsakleg meint for dei som elska den første for 15 år sidan. Den har nok 7-års-aldersgrense for ein grunn. Visuelt er den absolutt oppe på Pixar-standard, som er hakket over alle dei andre. Toy Story 3 er absolutt verdt å sjå!

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.

Konkurranseskjema

Namnet ditt (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Ditt svar




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern