
Vinn billettar til Bergen Kino!
Til denne vekas sending spør me kven du vil sjå i ein eventuell amerikansk versjon av den svenske krim-trilogien til Stieg Larsson.
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 23/03/2010 Sist oppdatert: 23/03/2010 11:04
Amerikansk versjonar av dei tre svenske spenningsfilmane Menn som hater kvinner, Luftslottet som sprengtes og Jenta som lekte med ilden kan vere nært foreståande. For å vinne to billettar til filmen Mr. Nobody med Jared Leto i hovudrolla må du svare på følgjande spørsmål:
Kven vil du sjå som Lisbeth Salander i ein amerikansk versjon av Millenium-trilogien, og kvifor?
Kven i Hollywood-verda er hardbarka og tøff nok til å ta på seg rolla som den hardtslåande hackaren? Er det nokon i det heile teke? Dersom du har eit godt svar kan du sende ein mail merka “Konkurranse” til kino@srib.no (med namn og kontaktmogelegheit) med ditt svar, eller bruk skjemaet i botnen av saka.
I førre vekes sending tok Kinosyndromet ein kikk på den norske publikumsfavoritten En ganske snill mann, og denne veka har me teke ein prat med Hans Petter Moland om filmen og hans karriere!
I tillegg blir det den nye, norske filmen Yohan – Barnevandreren (som me ærleg talt må seie me er litt skeptiske til), ein kikk mot Austen for ein skjult skatt, og anna filmsnacks og oppdateringar frå filmens verd.
Trailer for Yohan – Barnevandreren
(Alexander Rybak og Aylar i same film?)
Konkurranseskjema
Kinosyndromet er Studentradioens filmprogram som kvar torsdag klokka 11 hjelper deg gjennom filmjungelen med stø machete. Film er nest best på radio! Høyr oss ellers i reprise1 eller som podcast. Du kan også bli fan av oss på Facebook eller følge oss på Twitter.
Tweet




