Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Vinn billettar til Alice In Wonderland!


I Alice In Wonderland radbrekker Tim Burton dei forskjellige historiene frå Eventyrland. Kinosyndromet lurar på kva eventyr du vil sjå blir Burtonifisert neste gong.

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 11/03/2010 Sist oppdatert: 17/03/2010 11:03

I Alice In Wonderland radbrekker Tim Burton dei forskjellige historiene frå Eventyrland. Kinosyndromet lurar på kva eventyr du vil sjå blir Burtonifisert neste gong.

Konkurransa er som følgjer:

Hvilket eventyr vil du helst at Tim Burton skal ta for seg neste gong (eventuelt hvilket eventyr vil du at han absolutt ikkje tek for seg)? Bonussjanse: Ta gjerne med eit lite utdrag av ei scene!

Både Joachim og Andreas var einige om at Johnny Depp som Askeladden nok hadde blitt ein slager, eller kva med eit gammalt Asbjørnsen og Moe-eventyr med Helena Bonham Carter? Dersom du har eit godt forslag, send mail til kino@srib.no med forslag eller bruk skjemaet nederst i saka!

Sendinga ellers blei brukt til anmelding av mange premierefilmar, deriblant Damon/Greengrass-filmen The Green Zone, The Blind Side med Oscar- og Razzie-vinnande Sandra Bullock i hovudrolla, og den nye, norske snakkisen En helt vanlig dag på jobben. Me har også gjort eit intervju med blant andre Jan Gunnar Røise frå same film!

Ellers oppdateringar frå filmverda: Visste du at Chris “The Human Torch” Pine er aktuell for rolla som Captain America? Eller at Sandra Bullock er den første i verdshistoria som vinn både Razzie for verste kvinnelege hovudrolle og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle? Følg med!

Trailerar frå filmane me anmelder i dag

En helt vanlig dag på jobben: Ganske bra norsk film, med Ingar Helge Gimle i storform som den forvirra Sven O. Høiby!

The Green Zone: Er det for lenge sidan du har sett action? Greengrass/Damon fortset trenden frå Jason Bourne, og leverar ein relativt grei actionfilm.

The Blind Side: Litt “for” amerikansk. Appellerar nok til det halvkonservative forstads-Amerika, men kanskje ikkje like relevant i Noreg?

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram. Høyr anmeldingar, filmnyheiter og filmdiskusjonar kvar torsdag klokka 11.00! Du kan ellers høyre Kinosyndromet i reprise, eller høyre tidlegare sendingar med vår podcast-teneste.

Konkurranseskjema

Namnet ditt (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Ditt svar




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



Bli den første til å kommentere denne saken!

Det er ikkje opna for kommentarar.

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern