Twitter

@Kinosyndromet Fransk samfunnskritikk uten det store engasjementet. Ei er det snø, eller Kilimanjaro.


Facebook



Vinn billettar på Bergen Kino!


Fullspekka sending i denne vekas Kinosyndromet. Konkurransa vår er inspirert av å sjå Russell Crowe i nok ein rolle der ansiktet hans er det same, men han er ikledd eit kostyme frå ein svunnen tid, denne gongen frå 1500-talets England.

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 13/05/2010 Sist oppdatert: 13/05/2010 14:56

Fullspekka sending i denne vekas Kinosyndromet. Konkurransa vår er inspirert av å sjå Russell Crowe i nok ein rolle der ansiktet hans er det same, men han er ikledd eit kostyme frå ein svunnen tid, denne gongen frå 1500-talets England.

Konkurransa denne gongen er som følgjer:

Kva kostyme vil du sjå Russell Crowe i neste gong?

Burde han trekke på seg ein rosa onepiece og spele Den Rosa Panteren, eller skal han finne fram ein trefork og vere Poseidon? Dersom du har eit godt forslag (bonus for beskriving av ei scene) send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.

Denne vekas sending

Joachim og Anders leia sendinga denne gongen, og me anmeldte sjølvsagt Ridley Scott sin Robin Hood – ein slags prequel til den klassiske Robin Hood-historia, samt biopicen The Runaways om Joan Jett sitt første jenteband. Ut frå dei skjulte minene i Moria dukka den uoffisielle Ringenes Herre-prequelen The Hunt For Gollum opp, til overraskande god kritikk.

Ellers køyrde Joachim ut sin nest siste episode av føljetongen “Eit overfladisk blikk på Europas filmhistorie” – denne gongen med fokus på Italia!

Robin Hood – trailer

Ein film som kjennest ut som ein Gladiator-oppfølgjar, men som på langt nær klarar å fange sjåaren på same måte.

The Runaways – trailer

Ein biopic som ikkje heilt klarar å gjere oss kjende med folka dei faktisk skal etterlikne.

The Hunt for Gollum – trailer

Ein “nesten”-Ringenes Herre-film på ekstremt lågt budsjett. Les heile kritikken her!

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.

Konkurranseskjema

Namnet ditt (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Ditt svar




Nytt år, nye program, ny sendeplan. Les meir om våre nye konsept.



Bli den første til å kommentere denne saken!

Det er ikkje opna for kommentarar.

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern