
Vekas konkurranse – vinn Karate Kid-billettar
Denne vekas konkurranse er musicalinspirert. Gi oss ditt forslag og vinn to billettar på Bergen Kino til Karate Kid.
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 02/09/2010 Sist oppdatert: 02/09/2010 15:41
Konkurransa er som følgjer:
Hvilken film eller franchise synes du burde bli laget som musical?
Morderiske Psycho eller kanskje Transformers? Dersom du har eit godt forslag, send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.
Denne veka har me sett Salt, og Maos siste danser. I tillegg skal me diskutere mykje godt filmstoff, og introdusere våre tre nye medarbeidere!
Maos siste danser – trailer
Den smalaste av vekas to premierefilmar, men på ingen måte den verste. Maos siste danser er ein film om ein ung, talentfull, kinesisk ballettdansar som klarar det meisterstykket det er å lage ein dansefilm som i tillegg er samfunnskritisk. Step Up 3D, read it and weep!
Salt – trailer
Den kalde krigens onde russarar er tilbake på film. Salt er — som salt skal vere — god saman med popcorn. Les heile anmeldinga av Salt her.
ODDSAC – klipp
I tillegg snakkar me om ODDSAC — samarbeidet mellom musikarane i Animal Collective og videokunstnaren Danny Perez. Denne filmen kan du sjå på Studentradioens Phonofestival neste veke (Tivoli på Kvarteret, onsdag 8. september, klokka 18.00).
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.





