Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Solfaktor 24 – Topp 24 sommerfilmer


Det er endeleg sol! Sumaren har kome til Bergen, noko som er ei god unnskyldning til å halde seg inne framfor skjermen og sjå mykje fantastisk film.

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 16/08/2010 Sist oppdatert: 16/08/2010 15:02

På det grunnlaget har Kinosyndromet valgt ut 25 filmar du kan kose deg med resten av sumaren – delt opp i enkle kategoriar!

Familieferie

Familien Griswald i Hjelp, vi er på ferie

Hjelp, vi er på ferie

Chevy Chase i ein av hans mest kjende roller, som patriark i familien Griswald. Filmen handlar om deiras tur til Walley World, skriven av John Hughes (som seinare på 80-talet vart tenåringsfilmens gudfar med blant anna The Breakfast Club).

Little Miss Sunshine

Ei familie reisar saman for å støtte oppom yngstedottera si deltaking i ei missekonkurranse for preteens. Undervegs prøver dei å løyse både interne og eksterne problem seg i mellom.

Dirty Dancing

Patrick Swayze og Jennifer Grey då dei framleis var unge og håpefulle (og ikkje døde). Alle veit kva denne filmen handlar om. Det er knapt eit menneske på planeten som ikkje har sett den, og om du er ein av dei, sjå den, om enn berre for å få med deg: “Nobody puts Baby in the corner!”.

Skuleferie

No shirt, no shoes, no dice!

Fast Times At Ridgemont High

High-School-filmens opphav – nesten. Her er alle filmgrepa som seinare blei sementert som klisjear i 90-talets high school-film-bølgje. Mange unge stjerner her, blant anna Sean Penn, Nicholas Cage og Jennifer Jason-Leigh.

Meatballs

Regissert av Ivan Reitman, og skriven av Harold Ramis – to av sumarfilmane sine største bidragsytarar. Blandinga av Ivan Reitman og Bill Murray er velprøvd, og dette var ein av dei første filmane dei jobba saman på. Murray spelar ein sumarleirleiar som tek ein outsider-kid under vingane, og filmen handlar om alt som skjer på leiren.

Wet Hot American Summer

Filmen tek stad på den siste dagen av ein jødisk sumarleir, og har blitt banka av kritikarar for å vere eit fantastisk dårleg stykke film. Like vel tykkjer me den har nok sjarm til å kome med på lista.

For deg som lurar på kva du skal gjere i sumar

Michael Douglas - Falling Down

Independence Day

Utan sumarjobb? Så redd verda! Ein av filmane som brakte Will Smith opp på stjernehimmelen. Romvesen angrip jorda, med det som for si tid omtrent var det største romskipet nokon sinne vist på kinoskjermen. Roland Emmerich starta her sin fascinasjon for å øydeleggje store, amerikanske landemerker på film!

Dog Day Afternoon

Utan sumarjobb? Kvifor ikkje rane ein bank? Men du, ikkje gjer som Al Pacinos rollefigur og end opp på nasjonal TV i 8 timar på grunn av ein liten tabbe…

Falling Down

Utan sumarjobb? Er du lei av Kaptein Sabeltann-cd-en til ungen/lillebror/minstefetteren/mamma? Kast den før du blir gal, som i denne filmen kvar Michael Douglas går på eit killing spree i rushtida i Los Angeles.

For deg som likar å bade

Jaws

Haisommer

Haisommer – eller Τα σαγόνια του καρχαρία som den heiter på gresk – feira nettopp 35-årsjubileum. Haien Bruce er eit av dei mest klassiske filmmonstra i verda, sjølv om ein ser overraskande lite av han. John Williams står også for eit av dei beste soundtracka i filmhistoria!

Free Willy

Filmen for alle ichtyofile der ute. Free Willy, med Keiko i ei sentral rolle, er ein klassisk 90-tals-film! Utrydningstruga dyr, ungdomar og slemme skurkar i skjønn forening! Fun fact: Jason James Richter, som spelte rolla som unge Jesse i filmen, spelte sist Clown #2 i ein episode av TV-serien Bones.

Finding Nemo

Litt usikker på om denne skulle hit, eller til roadtrip-kategorien. Kva? Havstraumar er også ein slags motorveg. Finding Nemo er lett ein road trip-film! Klovnefisken Marlin leitar etter sonen sin, Nemo, i havområda rundt Australia i denne vakre Pixar-filmen.

For backpackarar og roadtripparar

Leonardo Dicaprio - The Beach

The Beach

Leonardo DiCaprio – frå den tida då han framleis var ung og lovande. Filmen om backpackerlauget i eit skjult Thailandsparadis skapte ei bølgje av ungdommar med stygt hår, laber kroppshygiene og fillete ryggsekkar! Filmen er definerande for ein heil subgruppe ungdommar på tidleg 2000-tal.

Hostel

Alle filmlister treng litt shock and awe, og dette er heilt klart eit av våre horror-alibi! Skal du på interrail i sumar? Hald deg unna Slovakia.. Og dersom du ser ein drill, ta ut batteriet så raskt du kan!

Weekend at Bernies

To forsikringsagentar blir invitert til sjefen sitt sumarhus for å feire at dei har oppdaga ein forsikringssvindel. Lite anar dei at sjefen allereie er død (og at dei vert nødt til å late som han er i live for å halde seg sjølv levande). Klassisk sein-80-tals forviklingskomedie!

For deg med brylkrem i håret

Elvis Presley

Blue Hawaii

Elvis i storform! Og meir enn det trengst vel ikkje å seiast.

Grease

Lett ein av verdas absolutt beste musicals. Med unge og spretne Travolta og Newton-John er det augesnop for alle kjønn, og ingen – absolutt ingen – har vondt av å sjå meir musicals!

West Side Story

«Romeo & Julie» satt til 50-talet. Med awesome sang, og gruppedans. Det vert ikkje betre.

Ung kjærleik

500 Days of Summer

(500) Days of Summer

Det offisielle «fullt av pene mennesker»-alibiet. Har du ikkje sansen for Zooey Deschanel, så er det noko gale med deg. Filmen følgjer det mislukka forholdet mellom Tom og Summer, retrospektivt over ein 500-dagars periode.

Den sommeren jeg fylte 15

Eit norsk, erotisk drama? Ja, dei eksisterar dei også. Frå det frie 70-talet kjem denne filmperla basert på ei Knut Faldbakken-bok. Peter, som er nesten 15 år, får sin første smak på vaksenverda den sumaren han bur hjå onkelen sin. Tafsing ensues!

Sommaren med Monika

Denne filmen er kjent for å offisielt vere det som har sørga for at USA meinar at Sverige er ein seksuelt frilynt plass. På det glade 50-talet kom Ingmar Bergman med filmen som gjorde at heile Sverige vart endå gladare! Ingmar Bergman var på dette tidspunktet sterkt intim med filmens stjerne, Harriet Andersson, og filmen er meint som eit springbrett for hennar filmkarriere. Heite, svenske, 50-tals blondiner vert ein aldri lei av!

Utenlandsferien

City of God

City of God

Cidade de Deus – eit brasilsk bebygningsprosjekt, rasert av kriminalitet – er miljøet for denne filmen. Filmens hovudpersonar er to brør som går kvar sine stiar i livet. Kanskje ikkje det perfekte feriestad, men det er trygt å sjå det på film i det minste.

La Dolce Vita

Ein av Fellini sine beste, som markerar eit skilje i hans filmarbeid. Filmen følgjer ein journalist i hans jakt på Det Gode Liv i Italia sitt Uteliv gjennom 7 ulike dagar. Kan det samanliknast heilt med Bergens uteliv? Nei. Men det er ein sterk film uansett!

Y tu mamá también

Trass ein forvirrande tittel (mordi er forvirrande) er dette ein knallfilm. To gutar som prøvar å imponere ei eldre kvinne fablar om ei strand dei skal reise til. Kvinna – Luisa – vert imponert, og vil vere med. Filmen skildrar reisa deiras til denne fiksjonelle stranda.

Manglar me nokre filmar? Legg gjerne ved dine sumarfavorittar i kommentarfeltet!

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern