Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Topp 11 fotballfilmer – Vår førsteellever!


Kinosyndromet er ikkje dei største fotballelskarane i verda, men på eitt felt er me gode; fotballfilmen. Som sportsfilmar flest treng dei ikkje naudsynt å vere fantastiske for like vel å underhalde, og på det grunnlaget har me valgt ut 11 filmar som kan vere avlastning før, mellom og etter kampane i fotball-VM.

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 10/06/2010 Sist oppdatert: 15/08/2010 21:34

Me har gått ut frå ein velprøvd, men dog “avansert-nok-til-å-sjå-proff-ut” formasjon – nemleg 4-4-2 med midtbanediamant. Kinosyndromet håpar at dette skal gi oss fortrinnet i meisterskapet, og føre oss til siger igjen!

Kinosyndromets fotball-VM-lag - førsteellever

1. Keeper: Escape To Victory (UN)

Escape to Victory – eller Victory som den heiter over dammen – er filmen om ein fotballkamp mellom eit all-star-nazist lag og eit lag samansett av Allierte fangar under andre verdskrig. Nazistane vil bruke det som propagandastunt, medan dei allierte vil bruke kampen for å rømme! Sylvester Stallone, Michael Caine og Max Von Sydow er blant stjernene i filmen.




“Aaaaadriaaaaaan!”

2. Venstreback: The Big Green (USA)

The Big Green er fotballens svar på Mighty Ducks-trilogien. Eit ungt, nydanna lag i Texas – The Big Green – får ein gymlærar frå Storbritannia som må lære dei om fotball/soccer, og kjempe mot dei andre laga.

3. Midtstopper: Mean Machine (ENG)

Vinnie Jones – i rolla som “nesten seg sjølv” – spelar ei fotballstjerne fengsla for vald. I fengselet tek han på seg rolla som spelande fotballtrenar og leiar eit lag mot fengselsvaktene. I prinsippet er det altså The Longest Yard, berre i fotballform (faktisk har den same manusforfattar). Sjå etter Jason Statham i ei artig birolle!

4. Midtstopper: Hooligans (ENG)

Fansen – populært kalt den tolvte mann i Bergen – må også få vere med. I dette tilfellet er det filmen Hooligans, om Westham United sin frykta supporterskare. Verdt å få med seg, om berre for å sjå ein film med Elijah Wood der han ikkje har hårete bein.




Forsvaret vårt går spanande vegar i murtaktikk.

5. Høgreback: United (NOR)

Som høgreback treng me nokon som kan slå nokre gode Flo-pasningar, derav eit norsk bidrag. United er av dei dårlegaste, norske fotballfilmane. Sidan det óg er den einaste norske fotballfilmen, er det óg den beste. Sjarmerande vestlandsdialekt og generisk plott til trass, den får høgrebackplassen.

6. Sentral Midtbane: Fotballkrigen (NOR)

På sentral midtbane treng me ein analytisk stoikar som kan sy saman alle lause trådar, og gjerne slå ein vits eller to. Det naturlege valget er difor Bård Tufte Johansen sin dokumentarserie Fotballkrigen. Han tek på dokumentarisk vis for seg 6 av dei største fotballkrigane i verda, noko som fungerar både for fotballinteresserte og andre.

7. Venstreving: Rudo y Cursi (MEX)

Eit mellomamerikansk bidrag er aldri feil. Det er ikkje heilt sambafotball, men filmen om brørne Tato (Gael García Bernal) og Beto (Diego Luna) som blir speida til to forskjellige klubbar i Mexico fungerar like vel godt, trass sitt fotballopphav. Og med Guillermo Del Toro som produs.. manager for filmen fungerar det desto betre.

8. Høgreving: Bend It Like Beckham (ENG)

I Londons indiske miljø er Jess (Parminder Nagra) bunden av ei streng familie til å bli husmor, til trass for at ho eigentleg kun vil spele fotball. Jules (Keira Knightley) får ho med på laget sitt. Kinosyndromet slår ei langpasning for kvinnefotballen og hiv inn dette komidramaet om tradisjonsbryting og ballspel!

9. Offensiv sentral midtbane: Shaolin Soccer (CHN)

Ein teknisk, asiatisk spelar er noko alle lag har godt av, også Kinosyndromet. Shaolin Soccer er – nok ein gong – ein film om underdoglaget som skal kjempe seg opp tabellen, denne gongen som kampsportentusiastar.




Cantona sin avslutningsteknikk var alltid litt spesiell.

10. Spiss: Looking For Eric (ENG/FRA)

Eric – ein fotballfanatisk postmann – sitt liv er lettare fucked-up. Han prøver å døyve depresjonen med rusmidler, og i hasjtåka dukkar Eric Cantona opp, som hjelper han med å rette opp livet sitt. Moralen er: Med Cantona som åndeleg hjelpar kan sjølv eldrande postmenn bli spiss på Kinosyndromet sitt lag.

11. Spiss: Goal! (USA)

Nesten synd å måtte avslutte med denne. Goal! er nemleg FIFA sitt forsøk på å gjere fotball populært i USA. Berre synd at prosjektet manglar originalitet – det er den klassiske “Hero’s Journey”, berre i fotballform. Like vel verdt å sjå, om enn for å le av filmens dårlegare sider.

Går me til finalen? Har du nokre fotballfilmar me har gløymt?

Denne veka har Kinosyndromet gått overfladisk gjennom Europas filmhistorie. Me minnar også om at TV-serie-konkurransa vår – der du kan vinne to fribillettar til Bergen Kino – framleis er aktiv!

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.


Anbefalinger fra Facebook



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern