
Spionkonkurranse
Kinosyndromet går undercover denne veka med ei heftig spionkonkurranse. Dagens Kinosyndromet-sending var leia av Vidkun Treholt og Rolf the Revolver, og konkurransen baserar seg på akkurat det!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 29/10/2009 Sist oppdatert: 02/11/2009 13:10
Kinosyndromet går undercover denne veka med ei heftig spionkonkurranse. Dagens Kinosyndromet-sending var leia av Vidkun Treholt og Rolf the Revolver, og konkurransen baserar seg på akkurat det!
Konkurransen denne veka er som følgjer:
Dersom du skulle ha hatt eit informant-namn, kva skulle det ha vore, og kvifor?
Går du for namn med pornotilhøyrigheit som William “Deep Throat” Felt, eller sportstilhøyrigheit som den upålitelege Ahmed “Curveball” Hassan Muhammed? Det er mange stader å plukke frå for å vinne to billettar til The Informant, som blei sterkt anbefalt av vår utsendte. For å vinne kan du sende ein mail til kino@srib.no, merk med “Konkurranse”, ditt svar og namn/telefonnummer så me kan kontakte deg. Eller bruk skjemaet nederst i saka.
The Informant – trailer
I tillegg til konkurranse, og anmelding av “The Informant”, har Kinosyndromet denne veka også anmeldt kjempesøte “500 Days of Summer”, Iran-aktuelle “The Stoning of Soraya M.” og gjengdramaet “Sin Nombre”, samt sci-fi-eposet “Star Trek” som kjem ut på Blu-Ray og DVD i desse dagar. Du kan høyre sendinga i reprise her, eller som podcast her.
Konkurranseskjema
(Bilde: Sandrew Metronome, Matt Damon frå filmen “The Informant!”)
Tweet




