Twitter

@Kinosyndromet Fransk samfunnskritikk uten det store engasjementet. Ei er det snø, eller Kilimanjaro.


Facebook



Sex & Singelliv 2? Urk…


Me i Kinosyndromet har i utgangspunktet ikkje så mykje mot verken Sex & Singelliv-serien, eller TV-seriar som blir film, men dette var kanskje unødvendig. Dersom du har eit forslag til ein betre serie som skal bli filmatisert kan du vinne to fribillettar til Bergen Kino!

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 03/06/2010 Sist oppdatert: 03/06/2010 15:19

Me i Kinosyndromet har i utgangspunktet ikkje så mykje mot verken Sex & Singelliv-serien, eller TV-seriar som blir film, men dette var kanskje unødvendig. Dersom du har eit forslag til ein betre serie som skal bli filmatisert kan du vinne to fribillettar til Bergen Kino!

Konkurransa er som følgjer:

Kva serie vil du skal bli filmatisert neste gong?

Gi oss forslag til tv-serie-filmar som ikkje allereie er under utvikling (altså ingen Arrested Development-svar). Som vanleg er det bonuspoeng for meir inngåande svar! Dersom du har eit godt forslag, send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.

Ellers har me ei sending med fire nye anmeldingar! To premierer: Sex & Singelliv 2 og Hot Tub Time Machine; og to skjulte skattar: American Splendor og Heavy Metal (1981). Høyr på sendinga for å høyre anmeldingane, ikkje minst for debatten mellom Marie og Joachim om kvaliteten på Sex & Singelliv 2!

Med unntak av dette får du oppdateringar frå filmverda, me spekulerar litt i kven som skal ta over Hobbiten etter Guillermo del Toro, og me synest du burde ta ein sjekk på David Lynch-filmane som Cinemateket visar i juni!

Sex & Singelliv 2 – trailer

Joachim og Marie diskuterar filmen i dagens sending. Av dei to kan ein høyre at filmen er forferdeleg dårleg, men dersom du er utruleg interessert i mote, så er det kanskje verdt pengane.

Hot Tub Time Machine – trailer


Ein film som kanskje appellerar mest til dei som var unge på 80-talet, og kan kjenne seg igjen i situasjonane. Men framleis ein artig film! Høyr Ørjan anmelde den i sendinga.

Skjult Skatt: American Splendor – trailer


Nerdenes hevn? Me er glad i våre nerdar, og American Splendor fullendar dette. Høyr Anders anmelde den i sendinga.

Skjult Skatt: Heavy Metal – trailer


Ei perle blant skit i 80-talets masseproduserte animasjonsfilmar. Ein kultskatt! Høyr Andreas anmelde den i sendinga eller les (og høyr) anmeldinga hans her.

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.

Konkurranseskjema

Namnet ditt (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Ditt svar

(Bilete: SF Norge)




Nytt år, nye program, ny sendeplan. Les meir om våre nye konsept.



Bli den første til å kommentere denne saken!

Det er ikkje opna for kommentarar.

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern