
Omtale: Rango
Outsideren — gjerne frå litt meir urbane strok — havnar i ein backwater smålandsby på landsbygda, og må plutseleg redde byen frå ei omliggande fare. Dette er ei historie du har høyrt så utruleg mange gongar før. Doc Hollywood, Cars, og ein skokk med westernfilmar foregår på denne måten, men er det framleis ein måte å gjere denne historia spennande på?
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 03/03/2011 Sist oppdatert: 03/03/2011 13:05
I animasjonsfilmen Rango finn ein kronisk ukamuflert kameleon ut at den enklaste måten å mingle inn i bakgrunnen på, er å stikke seg ut. Er det nokon måte denne filmen kan hamle opp med den eviglange klisjéen?
Høyr anmeldinga her:
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Rango handlar om ein amatørskodespelar i form av ein namnelaus kameleon som plutseleg finn seg sjølv i Nevada-ørkenen. Ved hjelp av ein knivsodd flaks, og tre snes improvisasjon — som fører til ei kjempemorosam førsteakt — er han plutseleg sheriff Rango i den vesle avsidesliggande landsbyen Dirt. Som alle film-landsbyar som utanforståande byfolk kjem til, oppstår det naturleg nok ganske kjapt eit kjempeproblem: Alt vatnet er vekke! Og som alle som har våkna opp på eit hotelltak i Las Vegas veit, vatn er forferdelig viktig i ørkenen.
I Rango er det Johnny Depp (Pirates of the Carribbean, Fear and Loathing in Las Vegas) som tek på seg rolla som filmens hovudkameleon. Rango — og alle dei andre dyra i filmen — ser ut som noko som kjem ut av ei biologibok teikna av Ralph Steadman — Hunter S. Thompson sin husillustratør.

Dette er Industrial Light and Magic (ILM) sin første heilaftens animasjonsfilm, og dei legg lista høgt. For spesialeffektselskapet som kanskje er best kjent for å kome ut av den første Star Wars-trilogien legg seg her på eit nivå som eg — diverre(?) — kun kan omtale som Pixar-klasse.
Dette er óg Gore Verbinski (Mouse Hunt, Meksikaneren) sin første animasjonsfilm — dersom ein ikkje reknar med den kraftig animerte Captain Sparrow. Frå mannen som regisserte Pirates of The Caribbean og The Ring, er dette absolutt noko meir i bane med førstnevnte, mykje på grunn av hovudrolleinnehavaren sjølv, og mykje på grunn av filmens humor — mykje slapstick, mykje action, og eit vell av meir eller mindre spisse tunger.
Manuset er stappfullt av referansar til alt frå En neve dollar og anna spaghettiwestern, til Clerks og Chinatown, men klarar like vel å halde seg på eit nivå som gjer den underhaldande óg for dei med mindre filmbagasje enn ein skarve filmanmelder med for mykje fritid.
ILM har før animeringa nytta det dei sjølv kallar “emotion capture”. I staden for motion capture-teknikkane som er blant anna Polarekspressen og Avatar sine støttehjul, eller den klassiske innspelingsmåten med skodespelarar i eit vanleg lydstudio, er i staden store delar av filmen spelt inn og filma av HD-kamera, som animatørane seinare — manuelt — etterapar ansiktsuttrykk og kroppshaldningar med.

Musikken av Hans Zimmer, som kanaliserar — og til og med til ei viss grad moderniserar — Ennico Morricone, passar utmerka inn i det litt merkelege universet filmen foregår i.
Med Rango har Verbinski og co laga ein subsjanger av western som eg trur eg vil kalle makaroniwestern. Ja, du har sett mange variantar av denne historia før, outsideren redder den avsidesliggande småbyen med sine outsider-måter. Rango er absolutt basert på det opprinnelege, og har tonnevis av referansar til både klassisk western, klassisk animasjonsfilm og andre humorbitar, men har pust nok til å bli noko eiget.
Filmen er ein openbar sjangerparodi — som ikkje bringer så mykje nytt til westernsjangeren i seg sjølv, men som eksellerar i utføringa og har fantastisk mykje sjel. Ein av dei absolutt beste filmane akkurat no på kino, og allereie eit sterkt kandidatur til Beste Pix… animerte film i den neste Oscar-utdelinga!
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og deler velvillig av sine filmnerdete sider hver torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringer, anmeldelser, diskusjoner og intervju fra filmens verden på podcast eller siste ukes streaming.
(Bilete: United International Pictures)
Tweet




