Kva yrkesgruppe fristar deg mest?
I filmen Oppbruddet har Suzanne eit forhold med bygningsarbeidaren Ivan etter 20 år med ekteskap. Kinosyndromet lurar på kva yrkesgruppe du hadde falt for. Eit godt svar kan resultere i billettar til Bergen Kino!
Konkurransa er som følgjer:
Dersom du skulle ha forlatt din kjære (kjærast, mann, kone, forlovede, osv); kva yrkesgruppe skulle den nye flammen ha vore i, og kvifor?
Ragnhild følte veldig for astronautar; slik kunne ho nemleg bli teken med på piknikar i verdsrommet! Andreas gjekk for racerbilsjåførar; kvinnelege sådan. Dersom du har eit betre forslag, send det inn til kino@srib.no eller bruk skjemaet i botnen av artikkelen.
Sendinga ellers blei brukt til anmelding av DVD-klare District 9, Jim Jarmusch-klassikaren Night On Earth, iskalde Cold Souls og Vekas Premiere Precious! Ellers tok me diverse filmoppdateringar frå filmverda, visste du for eksempel at Neil Patrick Harris mest sannsynleg skal vere med i ein episode av Glee?
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram. Høyr anmeldingar, filmnyheiter og filmdiskusjonar kvar torsdag klokka 11.00! Du kan ellers høyre Kinosyndromet i reprise, eller høyre tidlegare sendingar med vår podcast-teneste.







