
Kva stirrar menn på?
Kinosyndromet synest at Menn som stirrer på geiter er ein litt keisam tittel, til trass for at filmen i seg sjølv fungerar godt. Har du eit godt forslag til erstatning for det hornete dyret kan du vinne to billettar til filmen Menn som stirrer på geiter på Bergen Kino!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 14/01/2010 Sist oppdatert: 25/01/2010 12:25
Kinosyndromet synest at Menn som stirrer på geiter er ein litt keisam tittel, til trass for at filmen i seg sjølv fungerar godt. Har du eit godt forslag til erstatning for det hornete dyret kan du vinne to billettar til filmen Menn som stirrer på geiter på Bergen Kino!
Konkurransa er som følgjer:
Kva dyr burde erstatte geiter i ein eventuell oppfølgjar av Menn som stirrer på geiter?
Andreas foreslår Menn som stirrer på drager for litt meir automatisk action, medan Iselin har meir trua på kyr for eit anna roleg gardsdyr. Dersom du har eit betre forslag (Menn som stirrer på kvinner er for øvrig automatisk diskvalifikasjon), så send svaret ditt til kino@srib.no, og merk den med “Konkurranse”, eller bruk skjemaet nederst i saka.
Vekas sending gjekk mest på oppsummering av det beste og verste frå 2009, samt eit framblikk på kva som skjer i filmåret 2010. Neste veke tek me fatt i nye filmar og gamle godbitar for å definere ein gong for alle kva som er god og dårleg film.. Eller noko slikt.
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram. Høyr anmeldingar, filmnyheiter og filmdiskusjonar kvar torsdag klokka 18.00! Du kan ellers høyre Kinosyndromet i reprise, eller høyre tidlegare sendingar med vår podcast-teneste.
Konkurranseskjema
(Bilde: Sandrew Metronom)
Tweet




