
Kinosyndromet-konkurranse!
Vekas sending gjekk unna med brask, bram, ein Swayze-hyllest, og eit knippe med filmanmeldingar. I tillegg kan du vinne «Jenta som lekte med ilden»-bilettar i vår konkurranse!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 18/09/2009 Sist oppdatert: 18/09/2009 01:12
Ettersom vekas premierefilm er «Jenta som lekte med ilden», ein film som handlar om ein hackar, så tenkte me ut konkurransa: Kva ville du ha hacka, og kvifor?
I studio foreslo André å hacke til seg eit livslangt forbruk av Ben&Jerrys, medan Andreas (i stil med Fanboys – filmen han anmeldte) ville ha hacka til seg tilgang til Skywalker Ranch sitt videoarkiv. Det er med andre ord mange mogelegheiter å velje frå!
Dersom du har klekt ut eit klokt svar til konkurransa kan du sende ein mail til kino@srib.no, merka med “konkurranse”, med svar, samt namn og kontaktinfo!
Ellers kan du høyre reprise av denne veka si sending her. Denne veka har me sett nederlandske «Ben X», nerdete «Fanboys», sosialpornografiske «Siste stopp 174» og den infernalske «Jenta som lekte med ilden». Alt dette i tillegg til filmpreik, denne veka med Andreas Opsvik og André i studio!
Kinosyndromet går torsdagar frå 18.00 til 19.00!
Tweet




