Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Vinn to Kick-Ass-billettar


I filmen Kick-Ass er superheltar utan superkrefter hovudpersonane. I staden for røntgensyn og superfart må dei stole på seg sjølv for å bekjempe kriminalitet i New York. Svar på spørsmålet i saka og bli med i trekninga av to billettar til Kick-Ass på Bergen Kino.

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 08/04/2010 Sist oppdatert: 08/04/2010 16:47

I filmen Kick-Ass er superheltar utan superkrefter hovudpersonane. I staden for røntgensyn og superfart må dei stole på seg sjølv for å bekjempe kriminalitet i New York. Dette er temaet for denne vekas konkurranse. Svar på spørsmålet i saka og bli med i trekninga av to billettar til Kick-Ass på Bergen Kino.

Kva er din kvardagslege superkraft? Eventuelt, kva skulle du ynskje det var?

Er du fantastisk tålmodig? Er du god på å gi andre dårleg samvittigheit? Eller er du berre latterleg god i hovudrekning? Dersom du har eit godt forslag (begrunn gjerne svaret ditt for bonuspoeng), send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.

Ellers var det mykje på planen denne veka. Me har anmeldt den gripande militærfilmen Libanon, homo-Jim Carrey-filmen I Love You, Phillip Morris og vekas Premiere; den hardtslåande Kick-Ass (les og høyr vår anmelding her)! I tillegg har Ørjan gravd fram Quentin Tarantino-lovpriste Chunking Express, og Joachim har sett på filmhistoria til våre naboar i aust – Sverige!

Sendinga vart toppa med ei hylling av Kinosyndromets store, norske helt; filminstitusjonen Pål Bang-Hansen, som vert bisett i dag etter hans dødsfall i påska. Hyllinga var smykka med fleire lyriske bidrag. Verdt å få med seg!

Chunking Express – trailer

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.

Konkurranseskjema

Namnet ditt (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Ditt svar




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



Bli den første til å kommentere denne saken!

Det er ikkje opna for kommentarar.

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern