
Anmelding: The Hunt For Gollum
Var du ein av dei som etter å ha sett alle Ringenes Herre-filmane i Extended Version – med alt ekstramateriale – for tredje gong framleis sakna meir av Tolkien sitt verk på skjermen? Gråt du dine tenners gnissel då du høyrde at Peter Jackson og Guillermo del Toro sin versjon av Hobbiten nok ein gong blei utsatt? Då har eg ei god nyheit til deg..
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 13/05/2010 Sist oppdatert: 13/05/2010 15:07
Var du ein av dei som etter å ha sett alle Ringenes Herre-filmane i Extended Version – med alt ekstramateriale – for tredje gong framleis sakna meir av Tolkien sitt verk på skjermen? Gråt du dine tenners gnissel då du høyrde at Peter Jackson og Guillermo del Toro sin versjon av Hobbiten nok ein gong blei utsatt? Tek du framleis på deg alveøyrene kvar gong du sit åleine og høyrer på Ringenes Herre-soundtracket?
Då har eg ein god nyheit til deg: The Hunt For Gollum.
The Hunt For Gollum (2009) tek føre seg tida like før Ringens Brorskap. Me følgjer Aragorn (Adrian Webster) i hans jakt på Gollum, då Gandalf (Patrick O’Connror) har funne ut at Gollum veit akkurat så mykje om Ringen som han frykta. I frykt for at Gollum skal sladre til ondskapens herskar i Mordor, vil dei prøve å fange han og spørje han ut om det han veit. Alt satt til Midgard, som me har blitt kjend med gjennom Peter Jackson sine tre filmar.

“Men,” tenkjer du. “Kva i all verda er dette?”. Me hadde då vel høyrt om det dersom det var ein ny film av dei same som laga Ringenes Herre-filmane? Og ja, det hadde du nok. Men Hunt For Gollum er noko anna. Filmen er nemleg ein såkalla fanfilm, laga av fans for fans, på eit latterleg lågt budsjett – noko som absolutt ikkje er uvanleg i fanfilmverda. Ofte har prosjekta enormt mykje respekt for originalmaterialet, men fell gjennom på alt frå produksjonsverdi til manus og skodespelarar. Men i dette tilfellet fungerar det faktisk!
The Hunt For Gollum er basert på Tolkien sine skriftlege verker, meir spesifikt tillegga til Ringenes Herre-bøkene som utbroderar rundt historia. Dette er sjølvsagt materiale som Tolkien Enterprises eig filmrettigheitene til, men i kraft av å vere ein non-profitt-film har regissør Chris Bouchard og selskapet Independent Online Cinema fått lov til å legge filmen ut på nettet, så lenge dei ikkje tenar pengar på det.

Filmen er ikkje fantastisk. I uttrykksform har den laust basert seg på Peter Jackson sitt verk, både utsjånad- og lydmessig sett, og landar ein eller anna stad på “nesten” i dei fleste visuelle delane av filmen. Filmens Aragorn er nesten like staut og djupsindig som Aragorn, og ditto på Gandalf sin nesten like sterke tilstadeverelse. Det same må seiast om både Arwen og Gollums innhopp i filmen. Ein kan óg høyre at filmens musikk er skapt litt billegare enn med London Philharmonical Orchestra.
Men, kva anna kan ein vente? Når Peter Jackson hadde Weta Workshop i ryggen og eit budsjett på over 400000 kroner per minutt skal The Hunt For Gollum ha kraftig skryt for sitt velutvikla uttrykk, på eit budsjett som ligg på 30000 kroner for ein 38-minutters film. Kostymene er meget gode, på grensa til “originalen”, og dei har gjort veldig bra arbeid med å gjenskape miljøa i Midgard, gjennom filming i England og Wales.

Filmen vinn altså gjennom sitt låge budsjett med gode, ukjende skodespelarar og eit visuelt uttrykk som alltid vil bli nesten i forhold til Peter Jackson sin trilogi. Filmen er gjennomsyra med fandom, og har til trass for nokre manglar eit heilheitleg uttrykk som er ei fin oppladning til eit Ringenes Herre-maraton – det er ein slags prequel.
Ein skjønar av kjærleiken rundt prosjektet at folka som har laga denne filmen sjølv er dei som sa “Er det ikkje meir?” når rulleteksten på Atter ein Konge var ferdig. Dersom du er Ringenes Herre-fan skuldar du deg sjølv å sjå “The Hunt For Gollum” – som for tida kun er tilgjengeleg – fullt lovleg – frå nettsida thehuntforgollum.com. Om du ikkje er fan, kan du sjå den like vel, for å støtte gutsy valg i ein bransje som kanskje har blitt litt stilleståande i distribusjonsformer dei siste åra.
Anmeldinga i lydform
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Følg også med neste veke når me tek ein kikk på The Hunt For Gollum sin systerfilm, Born of Hope!
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.
Tweet



