
Dataspelfilmkonkurranse?
Prince of Persia – med Jake Gyllenhaal i hovudrolla – er her. Nok ein laber film basert på eit dataspel, eller dataspelfilmens Fugl Føniks? Me har uansett ei konkurranse knytt opp mot dataspelfilmen som fenomen.
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 20/05/2010 Sist oppdatert: 20/05/2010 09:53
Prince of Persia – med Jake Gyllenhaal i hovudrolla – er her. Nok ein laber film basert på eit dataspel, eller dataspelfilmens Fugl Føniks? Me har uansett ei konkurranse knytt opp mot dataspelfilmen som fenomen.
Konkurransa denne gongen er som følgjer:
Kva dataspel tykkjer du det bør bli laga film av neste gang?
Det er utruleg mykje dårleg i denne sjangeren, spesielt av det som blei spydd ut på 90-talet for å få kidsa til kinosalane; Super Mario Bros og Mortal Kombat for å nevne nokre. Og med unntak av Tomb Raider, så er det få av dataspelfilmane som har nådd noko særleg suksess.
Men du – du – har garantert ein god idé til kva som burde bli gjort om til eit dataspel, eller kva? Ein favoritt frå barndommen, eller ein nyvunnen kjærleik som haldt deg fast til skjermen? Dersom du har eit godt forslag (bonus for regissør/skodespelar-forslag) send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.
Ellers har Ørjan plukka opp ein gammal Tom Cruise-skatt – Legend, Andreas har sett endå ein (imponerande) Ringenes Herre-fanfilm – Born of Hope -, og Joachim har ein forsmak på Noregs filmhistorie i den siste delen av “Et overfladisk blikk på Europas filmhistorie” dette semesteret. I tillegg blir det Vekas Filmlåt!
Trailer – Legend
Trailer – Born of Hope
Filmen kan sjåast i sin heilskap – gratis – på bornofhope.com
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.





