
Buddycophumor? Eller?
Cop Out er ein hyllest til 80-talets buddycop-filmar. Med Bruce Willis på laget, samt ei rekke humorskodespelarar, var det knytta store forventingar til den. Ellers er Miley Cyrus ute i si første seriøse rolle i filmen The Last Song. Me har blanda tema frå desse filmane i denne vekas konkurranse!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 06/05/2010 Sist oppdatert: 06/05/2010 11:22
Cop Out er ein hyllest til 80-talets buddycop-filmar. Med Bruce Willis på laget, samt ei rekke humorskodespelarar, var det knytta store forventingar til den. Ellers er Miley Cyrus ute i si første seriøse rolle i filmen The Last Song. Me har blanda tema frå desse filmane i denne vekas konkurranse!
Vekas konkurranse er dermed:
Om Miley Cyrus skulle ha spelt ei politikvinne i ein buddycop-film, kven er hennar ultimate motskodespelar, og kvifor?
Premien er to billettar til Bergen Kino! Dersom du har eit godt forslag (bonus for beskriving av ei scene) send ein mail merka med “Konkurranse” til kino@srib.no eller bruk skjemaet nederst i saka.
Denne vekas sending
Joachim og Ørjan leia sendinga frå studio i dag, og dei to premierefilmane me omtalte var som nevnt buddycophyllesten Cop Out (sjåverdig, men når ikkje heilt opp til “originalane”) og The Last Song (horribel miscasting av frøken Cyrus). Ellers fortsatte Joachim på sin Europaturné – denne veka tok han for seg Frankrike! I tillegg hadde me ei anmelding av to av Canal Studio sine nyaste spesial-DVD-ar. Ei fullstappa sending frå Kinosyndromet denne gongen, altså!
The Last Song – trailer
Cop Out – trailer
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.





