
Barndomsproblemer i Kinosyndromet
Kinosyndromet er imponert over I Huttetuenes Land (Where The Wild Things Are), og Andreas anbefalar den sterkt til alle som ynskjer ei mørk, men koseleg filmstund. Filmen er basert på trassalderen og barnleg sinne, og me følgjer den tråden i dagens konkurranse!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 25/01/2010 Sist oppdatert: 01/02/2010 19:16
Kinosyndromet er imponert over I Huttetuenes Land (Where The Wild Things Are), og Andreas anbefalar den sterkt til alle som ynskjer ei mørk, men koseleg filmstund. Filmen er basert på trassalderen og barnleg sinne, og me følgjer den tråden i dagens konkurranse!
Konkurransa er som følgjer:
Kva slags barndomsproblemer kan ein lage ein god fantasyfilm ut av?
Røde hundar, augekatarr, vannkopper, polio eller lungekreft? Eller kanskje rett og slett litt ADHD? Har du eit betre forslag, send det inn til kino@srib.no eller bruk skjemaet i botnen av artikkelen.
Sendinga ellers blei brukt til anmelding av morosame Menn som Stirrer på Geiter, grukoselege Where The Wild Things Are, den halvslappe Planet 51, Vekas Oppdateringar frå filmverda og ikkje minst ein reportasje om digitaliseringa av den norske kinoen. Enjoy!
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram. Høyr anmeldingar, filmnyheiter og filmdiskusjonar kvar torsdag klokka 11.00! Du kan ellers høyre Kinosyndromet i reprise, eller høyre tidlegare sendingar med vår podcast-teneste.
Konkurranseskjema
(Bilde: Warner Bros./Sandrew Metronome)
Tweet




