
Anmelding: Salt — godt med popcorn
Russland — landet der konsonantane i språket er like markert som kjevepartiet på skurkane. Det er ei ufravikeleg sannheit at — kanskje med unntak av nazistar med avslepen tysk-engelsk aksent — så er kommunistisk-fascistiske russarar verdas beste filmskurkar.
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 31/08/2010 Sist oppdatert: 31/08/2010 16:35
Akkurat idet du trudde den kalde krigen verkeleg var komen i gløymebøkene, så dukkar skumle russarar og snille amerikanarar opp igjen på filmlerretet. Om det er dei nylege spionskandalene sin feil, eller rett og slett nostalgi over eit fordums 90-tal veit eg ikkje, men i filmversjon kjem dei tilbake. I Salt får du lite du ikkje har sett før, men desto fleire plott-tvistar!
Avhoppartrøbbel
Evelyn Salt er ein CIA-agent, som i eit intervju med ein KGB-avhoppar, vert identifisert som ein inaktiv agent i eit russisk etteretningsprogram. Avhopparen seier at ho er opplært til å drepe den russiske presidenten som skal besøke New York i anledning den amerikanske visepresidenten sin begravelse.

Evelyn derimot, er mest oppteken av mannen sin, og ho rømmer frå myndigheitene for å sikre seg at han lever. Plutseleg står me midt i den største spionskandalen sidan Watergate, sikringane på atomvåpena vert tekne av, og krigen byrjar å nærme seg tropisk varme…
Angelina Jolie (Tomb Raider, Wanted) som filmens tittelkarakter har ikkje verdas mest utfordrande rolle. I stor grad består skodespelet av overgangar mellom actionscenene, og bygginga av eit litt svakt rammeverk i post-kaldkrig-konspirasjonar. Det same kan i stor grad seiast om dei fleste andre rollene, som vert litt øydelagt av smådårleg dialog.
Klassisk — med ein twist
Historia er i klassisk, amerikansk thrillerformat: noko har skjedd, hovudkarakteren får skulda, og må bevise si uskuld. Det spesielle med Salt er at vi på eit tidspunkt er usikre på om ho faktisk er på den russiske eller amerikanske sida. Innimellom byrjinga og slutten vert me altså servert ein orgie av plott-tvistar, og det var då eg mot slutten mentalt beskyldte alle eg såg på lerretet for å vere kvadruppelagentar at eg skjønte at filmen — om ikkje anna — hadde gjort meg litt paranoid.
Actionsekvensane i filmen er derimot gode. Biljakt, husklatring og slåssescener er velregisserte, om enn litt mykje brukt. Det er tydeleg at shaky-cam og rask klipping ikkje har gått av moten enno, og at levningane frå Jason Bourne fortset inn i 2010-talet.

Action framfor dialog
Regissør Philip Noyce er kanskje best kjent for aboriginerfilmen Rabbit-Proof Fence og Harrison Ford-thrilleren Overhengende Fare. Ordet popcornfilm dukker absolutt opp når eg tenkjer på Salt, og det er på ingen måte ein dårleg sådan, i sine rammer. Salt ER jo godt på popcorn! Eg skulle like vel ynskje at manusforfattar og regissør gjorde litt meir ut av dialogen og karakterane enn den har gjort.
Bottomline, om du likar filmar som fokuserar på action framfor personar, så kan dette vere di greie. Salt er ein film i “heilt ok”-klassa, som må eksistere for at den skal kunne skiljast frå “gode” og “dårlege” filmar.
Høyr anmeldinga i lydform:
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.
(Bilete: Walt Disney Studios Motion Pictures Norway)
Tweet




