
Anmelding: Kick-Ass
Alle har ein gong ynskt å vere Supermann, eller Batman, eller ein superhelt generelt. Dave Lizewski tek derimot steget lenger, og blir ein superhelt – i filmen Kick-Ass.
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 08/04/2010 Sist oppdatert: 08/04/2010 16:43
Du har eigentleg litt lyst til å vere ein superhelt, har du ikkje? Eg er neppe den einaste som har ikledd meg eit stort handklede, maske framfor augene og løpt rundt med gummistøvlar og mammas gummihanskar, i draumen om å vere Supermann. Eg er derimot kanskje den einaste som kasta meg ut frå vindauget i andre etasje for å flyge til naboen, men.. det er ein anna sak. Det bringer meg over til grunnkjerna i filmen Kick-Ass.
Kick-Ass handlar om den heilt gjennomsnittlege, teikneserieentusiasten Dave (Aaron Johnson) – som har ein gryande tanke i hjernebarken: “Kvifor er det ingen superheltar?”. Eller som han sjølv seier: “Kvifor er det så mange som vil vere Paris Hilton, når ingen vil vere Spiderman?”. Difor ikler han seg ei gul og grøn våtdrakt og tek på seg personlegheita Kick-Ass, ein superhelt – utan superkrefter.
Anmelding i lydform
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Men dette er ikkje Metropolis, Gotham City, eller Spidermans San Fransisco. Dette er New York, som er akkurat like hardt og tøft som New York kan vere. Og på hans første oppdrag får han kjenne The Big Apples vrede; ein mellom ribbeina etterfulgt av eit ublidt og hardt kyss frå eit bilpanser.
Etter kvart som Kick-Ass kjem attende frå skada finn han ut at han ikkje er åleine i superheltbransjen. Den dynamiske far/datter-duoen Big Daddy og Hit Girl er på hevntokt, og den stilbevisste Red Mist er også på vakt. Raskt finn Kick-Ass seg sjølv innblanda i trøbbel med mafiabossen Frank D’Amico.. Og helvete byrjar..

Filmen er basert på Mark Millars teikneserie med same namn. Mark Millar er også opphavet til tullefilmen Wanted, men her har han absolutt vore meir heldig. Matthew Vaughn – som tidlegare har jobba med blant anna Lock, Stock and Smoking Barrels – har teke med seg valdsglorifiseringa og tek den til nye høgder i Kick-Ass. For blodet sprutar. I monn! Og det ser pent ut.
New York i Kick-Ass sitt bilde er ein fargefylt pøl. Visuelt har den lånt veldig mykje frå teikneserien, som framstiller verda med klare, sterke fargar. Alt dette fungerar veldig godt, og det gir filmen eit gnistrande og fengande uttrykk.
Aaron Johnson – som me nyleg såg som John Lennon i Nowhere Boy – spelar godt i det ein kanskje skulle tru var filmens hovudrolle, som sjølvaste Kick-Ass. Han balanserar godt mellom det kvardagslege livet til Dave, og den litt påtatte sjølvgodheita til sitt alter ego.
Men dei som sakte, men sikkert… nei, vent stryk det.. hardt og brutalt tek filmens midtpunkt er Big Daddy og Hit Girl. Eg må innrømme at eg framleis er litt usikker om Nicholas Cage sin stakkato og hakkete framføring av Big Daddys replikkar er med vilje – men det fungerar. Til dei grader. I tillegg er Chloe Moretz som Hit Girl noko av det mest spenstige på film på lenge. Ei 11 år gammal jente som bannar, fornærmar og steikar medan ho hoppar rundt og kløyver folk i to, ikledd det som best kan omtalast som ein pedofil rollespelar sin ynskjedraum er heilt fantastisk. Corny som helvete, men herregud som eg lo!

Det er også dårlege sider ved denne filmen, men dei fleste er som med Nicholas Cage si framføring; eg sit og lurar på om det er gjort litt rart – med vilje. Ellers må eg jo få seie at dersom du ser på corny, bannande og valdeleg som ein dårleg ting, så kan det vere at filmen ikkje er for deg i utgangspunktet. Men for meg, som er ein gladvoldfan med eit forhold til teikneseria, noterar meg eit stykk god teikneserieadapsjon, og ein film eg garantert kjem til å sjå igjen. Filmen Kick-Ass er – i mangel av eit betre ord – Kick-Ass.
Vil du vinne billettar til Kick-Ass? Delta i konkurransa vår!
Kick-Ass – trailer
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.
(Bileter: Nordisk Film Distribusjon)
Tweet




