Twitter

@Kinosyndromet Hør på Kinosyndromet kl 11.00 på srib.no eller 107,8! Carina 1 og 2, Nadine og Kristian er i studio og snakker om...


Facebook



Anmelding: Inception


Akkurat idet du trudde «A-Team» skulle bli høgdepunktet på ein ellers laber filmsumar, så kjem «Inception» og lagar sukkerspinn av hjernemassa di. Christopher Nolan sin nyaste film er éin del «Matrix», éin del «Oceans’ Eleven» og resten er rein, udestillert awesome!

Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 20/07/2010 Sist oppdatert: 15/08/2010 21:32

Dom Cobb (Leonardo Dicaprio) er verdas beste industrispion, men ikkje på den måten me gjerne er vant til. Teknologien han og hans lag brukar gjer det nemleg mogeleg å gå inn i draumane til diverse næringslivstoppar for å hente ut hemmelegheiter. Evnene hans har gjort han ettertrakta blant dei store selskapa, men den har også ført til tapet av alle han elskar, og har gjort til at han er forfulgt av eigne myndigheiter.

Då ein japansk industriherre gir han mogelegheita til å få fullt amnesti tek han oppdraget. Problemet er berre at oppdraget går ut på det motsette av kva han vanlegvis gjer – i staden for å hente ut éin tanke vert han nødt til å plante ein idé, noko som er i liten grad utført tidlegare. Dermed må Dom samle eit lag av dei beste draumeinvadørane i verda.

The team of Inception

«Inception» er nærast å rekne som Christopher Nolan sin «Avatar». Allereie som 16-åring tenkte han på ein film i skiljelinja mellom den vakne og sovande verda, og i 2001 – etter suksessen med «Memento» – presenterte han ein idé om draumetjuvar til Warner Bros, men konkluderte med at han trengte meir storfilmerfaring. Resultatet vart «Batman Begins» og «The Dark Knight» – to filmar som gleda både publikumsmassene og filmkritikarar verda over! Med desse suksessane fekk han både erfaringa – og den finansielle backinga – han var ute etter for å lage «Inception» slik han ville. Og bra er det!

I bunn og grunn er dette ein kuppfilm, bygd på same lest som til dømes «Oceans’ Eleven» eller for den del – Olsenbanden-filmane. Rollegalleriet er fylt med eliten innanfor drøymejegarane, med kvar sin spesialitet – enten det er Arkitekten (Ellen Page) som skapar verda drøymane foregår i, eller Kjemikaren (Dileep Rao) som lagar bedøvingsmidla som held dei ulike spelarane inne i draumane sine.

Skewered hallway - Inception

Det spesielle er like vel konseptet, som verkar å skape eit av sci-fi-universa med mest kjøt på beina på lenge. Det kjennest derimot ikkje for komplisert ut, den første timen går ut på å forklare sjåarane dei fleste reglane av både tids- og arkitektparadoksa i dei ulike nivåa av drøymelandskapet. Dette kunne ha vore langtekkeleg og irriterande, hadde det ikkje vore for at universet er kjempeartig! «Inception» er hakket meir avansert enn den gjennomsnittlege actionfilm – spesielt under scenene som leikar med ulike tidslinjer med ulik fart – men ikkje verre enn at du fint kan få i deg ein boks popcorn utan å gå glipp av dei viktigaste delane av filmen.

Musikken er laga av Hans Zimmer, som har levert musikken til mange storfilmar dei siste tiåra. Diverre høyrest det her ut som om han går litt på repeat. Låtane set for så vidt ei dramatisk, trombonefylt stemning, men verkar for ofte å kun vere utdrag frå dei mindre kjente delane av «The Dark Knight» sin fantastiske soundtrack.

Ellen Page - Inception

Wally Pfister – filmfotografen på omtrent alle Nolans filmar – fortset sitt fantastiske arbeid frå tidlegare prosjekt. «Inception» er nydeleg filma, og lokasjonane er varierte og storslåtte – enten det er snøfylte skibakkar, eller trange hotellgangar.

På mange måtar er denne filmen ein hyllest til dei som lagar film. Samarbeidet mellom dei ulike draumeinvadørane for å skape ei verd som er så “ekte” at offera kan tru og stole på den, liknar overraskande mykje på prosessen manusforfattarar, kulissebyggarar og skodespelarar må utføre for å lage eit truverdig filmunivers. Det gjer «Inception» til ein metafilm, og metafilmar er me vel glad i?

Filmen er ca to og ein halv time, men kjennest aldri unødvendig lang eller med unødvendige plottelement. Sjølv kjærleiksplottet – som ofte blir kasta inn berre for å krysse av eit punkt på lista – er djupt innbakt i historia, til den grad at filmens forteljing ikkje kunne ha eksistert utan den!

World bending - Inception

«Inception» endar opp med å bli noko så sjeldant som ein vakker actionfilm med både hjerne og hjerte – eit ypperleg tidsfordriv, enten du leiter etter tak for å kome unna sumarregn eller sumarsol! Ein kuppfilm med storslagent budsjett, ein sci-fi-film som er meir enn fantasy med ledningar og straum og ein film med A-skodespelarar som gjer det dei får betalt for. Sumarens hittil absolutt beste premiere!

Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.




Podcastar er kult, det meinar i alle fall me her i Studentradioen. Sjekk ut vår totaloversikt over podcastar.



blog comments powered by Disqus

Til toppen



Sendeplan - Fullstendig sendeplan

Mandag


Fredag

Tirsdag


Lørdag

Onsdag


Søndag

Torsdag


Nyheter

  • Jevnlige nyhetsoppdateringer hver ukedag mellom 08.00 og 10.00!

Repriser

  • Repriser av forrige ukes program kan du finne her


Om SRiB

Studentradioen er en radio for, og av, studenter.

Studentradioen holder til på frekvens 96,4mHz, 106,1mHz og 107,8Mhz på FM-båndet

Alt innhold © Studentradioen i Bergen 2009. Ansvarlig redaktør SRiB: Andreas Roaldsnes

Kontakt

Telefon

+(047) 55 54 51 47

E-post

kontakt at srib dot no

Adresse

Studentradioen i Bergen
Studentsenteret, Parkveien 1
5007 Bergen

Om siden

SRiB.no, drevet av Wordpress, designet av Tanketom, hostet av Fribyte.

Intern