
Skjult Skatt: Heavy Metal (1981)
Andreas har sett ein klassisk kultfilm, med fokus på sære fantasyunivers, store puppar og avkappa hovud. Kan det bli betre?
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 03/06/2010 Sist oppdatert: 20/07/2010 19:30
“Hm, Heavy Metal?” tenkjer du. Coveret har ei bilde av ei lettkledd kvinne med sverd som rir på eit pterodaktyl-liknande beist. Enten du er fantasy-fan eller ikkje, så fangar den merksemda di. Dersom du skulle våge å putte den i DVD-spelaren din, eller VHS-spelaren om du skulle vere så heldig, så opnar filmen med ein sekvens med ei romferje. Tungrocken startar så smått.
Idet romferja opnar lasterommet, og slepp laus ei Porsche cabriolet, som kontrollert blir styrt av ein astronaut mot jordoverflata, så innser du at dette – dette – ikkje er ein kvardags animasjonsfilm. Det er Heavy Metal!
Anmeldinga i lydform
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Filmen Heavy Metal frå 1981 Heavy Metal er 7 kortfilmar knytt saman av ei felles historie til ein antologi over teikneseriebladet. Historiens fellespunkt er Loc-Nar, ei grøn sfære, som i følge seg sjølv er summen av all ondskap. Loc-Nar fortel si historie til ei jente som nett har sett far sin bli smelta av kula. Dette vert starten på ei reise gjennom ondskapens kule si påverknad på ulike sivilisasjonar gjennom ulike tid, rom og univers.

Eg må berre starte med å seie: Dette er ikkje filmen for deg som trur at animasjonsfilm kun er for born. Men samtidig, så er det kanskje det, berre for å overbevise deg om det animasjonsfilm faktisk har eit bruksområde utanom å halde småtroll opptekne medan du tek deg ein kjapp ein med sambuaren på badet.
Det kunne ha blitt skrive ei bok om alt som skjedde i forkant av filmens lansering, men for å halde det kort; grunna framskynda tidsfrist frå jul til sumaren vart animatørar frå mange forskjellige selskap satt til å animere historiene, under bestyring av Gerald Potterton – mannen bak blant anna Yellow Submarine-filmen. Rotet har diverre ført til at enkelte av sekvensane er litt merkeleg animert. For meg gjer det ingenting, den handteikna stilen er uansett veldig sjarmerande, og bringer vidare sjela frå sitt opphav.

Heavy Metal er ei perle blant skit i 80-talets djupe myr av masseprodusert animasjon. Filmen har henta historiene og uttrykket frå bladet Heavy Metal, eit teikneserieblad kjent for i overkant erotiske, i overkant grafiske seriar fylt med diverse kroppsvæsker – men med fantastiske illustratørar som seinare blant anna har gjort det visuelle arbeidet i filmen Aliens! Til trass for at filmen har tona det kraftig ned – av kroppens vidunder ser ein kun eit knippe utvalgte puppar – så skjønar ein like vel at dette ikkje er Wall·E, idet du har sett filmen i 10 minutt, og tre personar alt har rukke å bli disintegrert på grusomt vis.
Noko av det absolutt beste med filmen er soundtracket. Noko anna er kanskje ikkje å vente med tanke på filmens tittel! Black Sabbath, Blue Öyster Cult og Nazareth er nokre av dei som pregar filmens gang – og skapar eit spennande lydmiljø for dei ulike universa me går gjennom. Filmscoren (av Elmer Bernstein) er også med på å skape stemning, spesielt i dei meir intense, skumle delane av filmen.
Historiene visar ondskap på mange ulike måtar, og er – trass eit litt til tider platt kvinnesyn og teit humor i enkelte tilfeller – jamnt over veldig gode. Spesielt må eg trekkje fram den siste kortfilmen “Taarna” som både er den best animerte, og den med mest spanande historieforløp.
Filmen fekk blanda mottakelse då den kom, og negative mottakingar først og fremst frå dei konservative og politisk korrekte krefter. Blant metalfolket og liberale i USA fekk derimot kultstatus som ein midnattskino – ikkje ulikt The Rocky Horror Picture Show.

Difor har den sjølvsagt også påverka ein del etterkomande filmar, både i form av hyllestar og parodiar. Av seinare tids påverknad kan ein td. nevne South Park-episoden der universa frambrakt av hallusinogen er kraftig inspirert av Heavy Metal-filmen. Av dei verre kan ein nevne “oppfølgjaren” Heavy Metal 2000, som du strengt talt bør halde deg unna.
Det er snakk om at David Fincher skal skape endå ein oppfølgjar – i 3D sjølvsagt – med blant anna segmentregissørar som Zack Snyder (300, Watchmen) og James Cameron (Aliens, Avatar). Men strengt talt, så trur eg aldri at ein oppfølgjar kan skape det same preget, det same universet som originalen frå 1981 bringer fram. Herlegheit for ein film! Om du blir støtt av valden og den litt plumpe humoren – greit nok – me andre kosar oss med ein klassisk kultfilm!
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.





