Anmelding: Alice In Wonderland
- Regi: Tim Burton
- I rollene: Johnny Depp, Anne Hathaway, Helena Bonham Carter, Mia Wasikowska
- Genre: Eventyr
- Lengde: 1 t. 48 min.
Alice In Wonderland
Tim Burton og Disney har atter ein gong samla sitt stjernelag, og laga ein film laust basert på tida cirka ti år etter Lewis Carrol si bok Alice In Wonderland. Slik sett er den omtrent som ein oppfølgjar til Disney-teiknefilmen frå 50-talet, berre at denne er live-action, og i 3D!
Ti år etter Alice (Mia Wasikowska) var i Wonderland sist, og like etter sin fars død, er Alice på ein fest. Ho hugsar vagt ein atterkomande draum om kaninar og dronter og smilande kattar, men hugsar ikkje at ho har vore i den rare verda. På festen – der ho i prinsippet skal bli gifta bort til ein lord med dårleg fordøyelse – ser ho plutseleg den kvite kaninen frå draumen sin. Og vips, så er ho i Wonderland, betre kjend som Underland..
Her har Den Raude Dronninga (Helena Bonham Carter) no teke over for Den Kvite Dronninga, og ho styrer med jernhand og eit kjempehovud. I profetien Underland står det at Alice skal drepe Jabberwocky (stemma til Christopher Lee) – den onde dragen til den raude dronninga. Alice er usikker på seg sjølv, og veit ikkje heilt om ho kan få det til, men, let’s face it. Det blir jo ei happy ending!

Sammensurium
Som de sikkert skjøner er noko teke frå boka Alice In Wonderland og noko frå oppfølgaren Through The Looking-Glass. Jabberwockyen er derimot henta frå eit dikt av same forfattar, og såleis bakt inn i historia. Filmen er dermed gjort om til ein litt meir farts- og actionfylt versjon av dei opprinnelege bøkene. Den er også absolutt meir vaksen. Det er ikkje noko særleg med blod, men eit nærbilde – i 3D – av eit auge som blei sprette ut av eit sverd legg standarden.
Skodespelarprestasjonane er litt varierande. Johnny Depp gjer akkurat det han skal i rolla som den gale hattemakeren. Han er kanskje litt i overkant sminka, men han er utan tvil veldig, veldig gal. I rolla som Alice gjer Mia Wasikowska sin storfilmdebut, og ho gjer den ganske godt. Ho er ein kjærkommen bris av realisme i all galskapen. Det største minuset må eg trekke fram mot – overraskande nok – Crispin Glover som spelar den onde Styver. Eg tykkjer han blir litt flat der han i prinsippet burde ha vore desto meir karikert.

Stilsterk Depp
Av skodespelarane som kun visar stemmene sine i denne filmen, kan eg fint trekke fram Stephen Fry (som Cheshire Cat) og Alan Rickman (som Absolem), to menn som alt er velbrukte som stemmeskodespelarar – med god grunn. Desse to er allereie velbrukte innan animasjonsverda, og tilfører fantastiske stemmer til filmen. Prestisjen i stemmearbeidet er rett og slett grunnen til at eg vil kraftig anbefale den engelske versjonen av filmen:
Estetisk sett er filmen naturleg nok veldig… Burtonsk. Fargerik og fantasifull, samtidig som den har sine mørke, dystre krokar. Dersom du likar det viktorianske England, og tidlegare Burton-filmar, så vil du like utsjånaden på denne filmen. Dersom ikkje, vil du ikkje like det; enkelt og greit.
I motsetning til for eksempel Avatar er denne filmen først filma i 2D, for så å bli gjort om til 3D i post-produksjonen. Dette kan ein fint sjå. Ikkje alt klarar ikkje å henge med kameraet, og flimring oppstår på raske bevegelser. Og dei klassiske “wow, sverdet kjem ut av skjermen”-scenene verkar difor litt påtatte. Ein får kjensla av at Tim Burton gjorde filmen i 3D hovudsakleg fordi det er ein mote-ting no, ikkje fordi det var den beste måten å gjere det på.
Stjernelag, men..
Tim Burton har samla alle dei han vanlegvis tek med. Frå Johnny Depp og Helena Bonham Carter på skjermen, til Danny Elfman-musikken, til sine faste designarar, kamerafolk og animatørar, men Alice In Wonderland blir aldri den burtongasmen som til dømes The Nightmare Before Christmas var.
Bøkene til Carrol har inspirert uttallege, frå musikarar og filmskaparar, til spelutviklarar og andre forfattarar, og dette er kun det siste skuddet på stammen – det er ikkje eit toppskudd ein gong! Resultatet er ein heilt ålreit film basert på ein god forfattar sine mesterverk, med varierande grad av vellukkaheit på 3D-effektene. Eg ville heller ha venta på Frankenweenie frå same regissør som kjem i 2011!
Heile anmeldinga i lydform
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.







