
Anmeldelse: «Kommandør Treholt & Ninjatroppen»
Kontrafaktiske hendingar er ei beteikning på ei alternativ historie der ein prøver å tenkje seg til korleis verda hadde vore dersom noko anna enn det faktiske hadde skjedd. Klassikarar som «Kva hadde skjedd om Hitler vant andre verdskrig?» er eit eksempel. I Noreg har kontrafaktisk historie vore heller upløygd mark, inntil no.
Andreas H. Opsvik - @tanketom · Kinosyndromet
Publisert: 10/08/2010 Sist oppdatert: 15/08/2010 21:31
«Kommandør Treholt & Ninjatroppen» er historia om kva som hadde hendt dersom Kong Olav (Trond-Viggo Torgersen) hadde hatt ein personleg ninjatropp til teneste for norsk etteretning i den kalde krigens gnisningar mellom aust og vest. Sentralt i historia står Kommandør Arne Treholt (Mads Ousdal) som er personleg ven av Kong Olav, og operasjonell leiar for denne undergrunnsgruppa.
Med seg har han ulike elitesoldatar innanfor sine felt — enten det er skarpskytarar, sjåførar eller dyrestell. Av dei viktigare karakterane i filmen er også Humla (Amund Maarud) som Treholt insisterar på kjem til å bli den beste ninjaen av dei alle. Målet er å hindre sabotasje og spionasje på norsk jord.

Historia — den kontrafaktiske altså — er sett saman av forklaringar på meir eller mindre mystiske hendingar under den kalde krigen, og kulminerar med arrestasjonen på Fornebu i 1984. Filmen varar i formelperfekte 80 minutter, noko som er synd sidan tidsknappheit ikkje gjer meg så kjent med universet og karakterane som eg skulle ynskje.
Filmen er laust basert på boka «Ninjateknikk II – usynlighet i strid 1978», ei falsk militærhandbok som utgir seg for å vere Treholts handbok i ninjateknikk. I røynda er den skriven av filmens manusforfattar og regissør, Thomas Cappelen Malling.
Det visuelle i filmen er veldig viktig, og det er sett stor fokus på å prøve å gjenskape midten av 80-talet ikkje berre gjennom kostymedesign, rekvisittar og kulisser, men også med tidsriktige spesialeffekter. For fans av 80-talets ninjafilmar kan glede seg stort, her er det referansar til både filmhendingsforløp og dåtidas spesialeffekter! For eit auge trent til moderne CGI og store filmbudsjett kan dette sjå litt merkeleg ut, men dens «feil» er nok absolutt med vilje, og gir ein meget tidsriktig ånd til «Kommandør Treholt…».

Trond-Viggo Torgersen som folkekongen Olav er ei god rolle, og karakterane ellers er i all hovudsak velspelte. Med unntak av Kusken (Henrik Horge) si forferdelege nordlandsdialekt er det ikkje så mykje å utsetje på casting og skodespelarferdigheiter. Eg trur nok at filmens mange karikaturiske personlegheiter må overspelast litt for å passe inn i filmens univers.
Filmen kan på fleire punkt samanliknast med «Menn som stirrer på geiter», ein anna film som omhandlar ei hemmeleg gruppe militære som tek inn over seg meir åndelege delar av krigskunst. «Kommandør Treholt…» er derimot mykje meir særnorsk, og 80-tals-glorifiserande, og tek inn over seg fleire verkelege historiske hendingar i handlinga — dog med eit alternativt blikk.
Etter å ha fulgt prosjektet ei stund hadde eg store forventningar, som for meg ikkje nådde heilt opp. Personleg trur eg at filmskaparane her har prøvd å lage ein kultfilm — i staden for at den skal bli det av seg sjølv. Detaljane i produksjonen, rekvisittar og det visuelle, samt referansane til både verkelege hendingar og 80-talets ninjafilmar er kjempebra, men eg får ikkje heilt grep på filmen som heilheit. Der filmen sjølv klarar å knyte saman ei konspirasjonshistorie av enkelthendingar i norsk historie, får den ikkje heilt knytt seg sjølv saman.

Men alt i alt vil eg anbefale deg å sjå filmen — spesielt dersom du er ein ninjanostalgikar eller interessert i 80-talet sett frå ei litt anna side enn du er vant til. Sjå den, om ikkje anna, for at det framleis skal vere lov til å leike seg med filmmediet, også i lille Noreg.
I neste vekes sending (19. august) kan du høyre denne anmeldinga, og høyre korleis det var då Ninjatroppen inntok Bergen. I tillegg skal me snakke om det vesle utalet norske filmar som kjem denne hausten. Har Filmfondet gått over sine eigne grenser, tru?
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram, og delar velvillig av sine filmnerdete sider kvar torsdag klokka 11.00! Få med deg oppdateringar, anmeldingar, diskusjonar og intervju frå filmens verd på podcast eller siste vekes streaming.
(Bileter: Euforia Film)
Tweet




