
Ein animert Jim Carrey, og ein sinna Gerard Butler
Fullspekka sending i denne vekas Kinosyndromet! Me skal ta for oss eit lite knippe nye filmar – deriblant Cohen-brørne sin A Serious Man – samt gjere så godt me kan for å støtte den lokale filmkoloritten i Bergen!
Andreas H. Opsvik · Kinosyndromet
Publisert: 05/11/2009 Sist oppdatert: 05/11/2009 18:01
Fullspekka sending i denne vekas Kinosyndromet! Me skal ta for oss eit lite knippe nye filmar – deriblant Cohen-brørne sin A Serious Man – samt gjere så godt me kan for å støtte den lokale filmkoloritten i Bergen!
Laurdag 7. november er den norske Kinodagen! Det betyr halv pris på Bergen Kino, og einsidig jubel frå alle studentlommebøker!
Når det gjeld andre lokale skjønnheiter ein skal støtte, så vil me i Kinosyndromet slå eit slag for filmquizen på Inside (link til Facebook-gruppe)! For dei som har sansen for quizar som er eit par hakk vanskelegare enn kva som helst anna filmquiz, så er dette ein skatt når det gjeld filmnerding. I tillegg er det sjølvsagt ein bonus i at du kan møte dei flotte medarbeidarane i Kinosyndromet der, kvar tysdag klokka 21.00!
Ellers i sendinga, skal me snakke om gjengactionfilmen Sin Nombre, julefilmen A Christmas Carol – med ein animert Jim Carrey i spissen -, Cohen-brørne sin siste film A Serious Man, samt Gerard Butler-filmen Law-Abiding Citizen.
Alt dette, samt oppdateringar frå filmverda, og generell filmnerding, i denne vekas Kinosyndromet-sending!
Kinosyndromet er Studentradioen i Bergen sitt filmprogram! Me visar deg veg gjennom filmjungelen – med machete – kvar torsdag klokka 18.00! Høyr siste sending i reprise, eller last ned podcasten vår!
Tweet




