Foto: Tora Karoline Dahl

Seksualitet på ei karibisk øy

Forskningsfronten får i andre episode besøk av sosialantropolog Linda Skuggen, som fortell om sitt feltarbeid om seksualitet på ei karibisk øy.

Sosialantropolog på feltarbeid

Forskningsfronten er studentradioens nye program om forsking og akademia. Målet med programmet er at dagsaktuell forsking skal bli forståeleg og tilgjengeleg for folk flest. I andre episode av Forskningsfronten får vi besøk av sosialantropolog Linda Skuggen. Ho vil fortelje om sitt kvalitative feltarbeid på ei karibisk øy ho har vald å kalle Maracuya Island. I løpet av det halvåret ho budde på den karibiske øya vart ho godt kjent med øya og mange av innbyggarane. Resultatet av dette vart masteroppgåva med tittelen «Sexuality Among Youth on Maracuyá Island: Navigating the Complex Crossroad of Latin American and Caribbean Social Life».

Linda var 6 månadar på feltarbeid på øya Maracuya. (Foto: Linda Skuggen)

Det sosiale livet på øya Maracuya

Linda Skuggen la godt merke til nokre av kjønnsforskjellane blant menn og kvinne på øya, og korleis dette utspeila seg i det sosiale livet. Korleis navigerar kvinner og menn på øya mellom å stå fram som respektable og samtidig ha mange elskarar? Kvifor kalla innbyggarane på øya Lindas kjæreste for Mr. Crab? Kva måtte Linda lære seg for å få innpass blant ungdommane på øya? Meir om dette vil du lære i episode 2 av forskningsfronten.

Linda saman med ein av hundane ho adopterte på feltarbeid (Foto: Linda Skuggen)

 

[multi-feed-reader template=”Forskningsfronten” limit=”5″]

Send

Your email address will not be published. Required fields are marked *