Ny sesong, nye moglegheiter

Drive to survive

Netflix-serien drive to survive var ein av dei store snakkisane når det gjaldt Formel 1 i fjor. Innblikket bak kulissane i motorsport-sirkuset gav eit friskt pust til sporten, og hanka inn mange nye fans. Dramatikken mellom dei forskjellige laga var som dratt ut av eit norsk realityprogram filma i nærleiken av ekvator. Eit av dei mest slåande augeblikka var møtet mellom Cyrill Abiteboul (Renaults lagsjef) og Christian Horner (Red-Bulls lagsjef), etter Red-bull kunngjorde at dei ikkje ville bruke Renault-produserte motorar fra og med neste sesong, kleinheten var til å ta og føle på. Og no er endeleg andre sesong komen på netflix, med like mykje dramatikk og spenning frå Formel 1 2019.

Dei varierande hestane

Ferrari er kanskje det mest ikoniske «racinglaget» i verda. Etter ein dårleg start på sist sesong, ønskjer nok «scuderia» ein god byrjing på årets sesong, der dei byggjer på dei gode resultata dei fekk i andre del av førige sesong. Noko av det som er mest interessante med Ferrari er den interne duellen mellom Charles Leclerc og Sebastian Vettel. Konkurransen mellom desse to kan skape hovudverk for Mattia Binotto (Ferraris lagsjef). Alikevel håpar Ferrari, ved hjelp av ei god sjåførrekke og forbetring av taktiske val, å kjempe om meisterskapet i år og fleire år framover.

Dominerande sølvpiler

Mercedes har hatt eit stramt grep rundt sporten dei siste åra, med seks «drivers chapionships» og seks «constructors championships» på seks sesongar så har dei vore djevelsk gode. Fleire fans meiner det er på tide med eit troneskifte, og seier det blir for keisamt når eit lag er så overveldande dominante. Mercedes med Lewis Hamilton, og lagsjef Toto Wolff i spissen vil gjere sitt yttarste for at fansen ikkje får det som dei vil.

Ungt blod og erfarne meistrar                               

Denne filen er lisensiert under lisensen Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons /1/18/Lewis_Hamilton_2017_Malaysia.jpg

Ein av dei store historiane frå sist sesong var Charles Leclercs oppblomstring. Etter ein vaklande første del, med varierande resultat, kom han som lyn frå klar himmel etter sommarpausen. Duellen mellom Leclerc, og hans jamaldra konkurrent Max Verstappen vil bli eit nøkkelmoment i årets sesong. Og kan gje eit innblikk i korleis sporten vil sjå ut i fleire år framover. Men ein mann luskar som ein skygge over resten av sjåførane. Lewis Hamilton jaktar på sin sjuande verdstittel, med den tangerar han Schumachers rekord, og melder seg for alvor inn i samtalen om «tidenes beste sjåfør». Med god bil, godt lag og stor motivasjon, blir det nok vanskeleg å hamle opp med briten.

Dritten i midten

I formel 1 er midten langt i fra dritt. For noko av det som har skapt mest entusiasme blant fans dei siste åra er den såkalla midtbane-kampen. Altså kampen mellom dei laga som ikkje er like gode som «dei tre store» Ferrari, Redbull og Mercedes. I midtbanen er det ofte meir varierande plasseringar frå løp til løp. Derfor blir kampen mellom desse laga sett på som meir spennande og uføreseieleg. Målet til desse «midtbane-laga» er å heve seg så mykje at dei kan vere med å kjempe om pallplassar på jamleg basis. Og sist sesong viste eit lag store framsteg, nemleg McLaren. Med dei soleklart mest jamne og gode resultata gjennom sesongen verkar dei som den største kandidaten til å ta steget frå midtbanen til topp-kampen. Spennande sjåførar som Carols Sainz og unge Lando Norris presterte godt i fjor, og vil med meir erfaring under vengene truleg prestere enda betre i år.

Testing, testing, one two, one two.

Den siste veka har laga tatt del i offisiell testing i Barcelona. Her har det komen fram nokre spennande elementer. Den mest banebrytande nyvinningen som blei vist fram var mercedes’ DAS (Dual Axis Steering), noko som heilt enkelt betyr at sjåføren kan dra rattet mot seg for å endre hjulstillinga. Mange er spente på å sjå om dette vil gjere ein stor forskjell i løpet av sesongen. I tillegg til dette har mange av dei «dårlegare» laga vist god forbetring, til dømes så sirkulerar det mange memes på sosiale medier om Racing-Point, som ser ut til å ha omtrent kopiert bilen til Mercedes, noko som kan forbetre prestasjonane til laget stort. Den komande sesongen har alt som skal til for å bli ein av dei mest jamne og spennande sesongane på lenge.

Første løp går av stabelen 15. mars i Australia. Og før dette kan du kose seg med mange timar god dramatikk frå dei føregåande sesongane på Netflix.

Siste podcaster

  • TimeOut S13E13 Formel-1 spesial!
    I dag har TimeOut sine helt egne Formel-1 eksperter entret stuidoet for en liten spesial-sending om sporten. Hva skjer denne helgen i Kina? Hvem skal kjøre for hvem i 2025? Spalten Drømmelaget gjør en retur, og Gaute stiller opp med en liten quiz for å teste våre eksperter. I studio: Gaute Laeskogen, Adam Oscar Schou Andersen og Pernille Gjertsen. Produsent: Mathias Mæland. Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal.

Anbefalte artikler