Noregs ukjende idrettseventyr

Det blir ikkje mange reaksjonar dersom du nemnar namnet «Knute Rockne» til ein vanleg nordmann, reiser du 6000 km lengre vest derimot, er det ein heilt annan tone. Den norskfødde mannen blir nemleg hylla som ein av amerikansk fotballs største legender.

Oppveksten i “the land of opportunity”

Knut Larsen Rokne, født 4. mars 1888, flytta til Amerika som femåring. Familien Rokne busette seg i Chicago, og i det lokale nabolaget lærte Knut å spele den amerikanske versjonen av fotball.

På high school byrja han å hevde seg i både fotball og løp på bane. Men det var tynt med pengar og etter han blei uteksaminert frå high school, byrja Knut å jobbe som postmann i Chicago, og etter fire år hadde han endeleg spart opp nok pengar til å få seg ei skikkeleg utdanning.

Livet på college og revolusjonerande spill

Turen gjekk til Notre Dame, eit respektabelt college i Indiana. I løpet av fire år som fotballspelar for collegelaget etablerte han eit godt rykte, og blei til og med tatt opp på «all american-laget» i 1913 sesongen. Det var og denne sesongen Rokne verkeleg skulle starte å sette sitt preg på amerikansk fotball.

For i ein skjebnesvanger kamp 1. nov 1913 sjokkerte Rokne og Notre Dame motstandarlaget med eit «nytt» trekk. Nemleg «the forward pass», trekket der quarterbacken kaster ballen i retning motstandars mål. Trekket hadde vore brukt eit par gongar før, men aldri med ein slik effektivitet.

Du stussar kanskje litt over at eit så essensielt trekk var veldig revolusjonerande, men oppskiva brød verkar jo og som ein «no brainer» etter det blei funne opp. I tillegg var pasningar framover i banen ulovlig frem til 1906.

Head coach Rokne

Etter han blei uteksaminert frå Notre Dame jobba Rokne som assistent for både kjemikaren Julius Arthur Nieuwland, og fotball-laget han tidelegare spelte for. Og etter eit par år som profesjonell spelar i forskjellige klubbar, gjorde Rokne sin debut i jobben som ville skyte han mot stjernene, nemleg hovudtrenar for sitt kjære Notre Dame.

I løpet av 13 år i jobben hadde laget 105 sigrar, tolv tap og fem uavgjorte kampar. Det betyr at Rokne stod med ein seiersprosent på 88,1, noko som er det andre beste snittet av ein hovudtrenar i collegefotballens historie. I tillegg vann dei seks nasjonale titlar og gjekk ubeseira gjennom fem sesongar.

Kjendisstatus og tragisk død

Statue av Knut Rockne i Voss.  (https://no.m.wikipedia.org/wiki/Fil:Knute_Rockne03.JPG, bilde av PD-user/PerPlex)

På grunn av sine eksepsjonelle bragder, fekk Rokne mykje akklamasjon i USA. I 1940 kom det ut ein spelefilm med namn «Knute Rockne, All American», med Pat O’brian i hovudrolla, og ein ung kar med namn Ronald Reagan som ein del av rollebesetningen.

Etter hans tragiske død i eit flykrasj i Kansas 31. mars 1931, kom den dåverande presidenten, Herbert Hoover, ut med ein pressemelding der han omtalte døden til Rokne som eit nasjonalt tap. I tillegg blei byen Rockne oppkalla etter Knut kort etter hans død.

Hans endelege anerkjenning kom med innføringa i det nasjonale fotballforbundets «hall of fame» i 1951. Og sjølv om historia til Rokne ikkje er allmenn kjend i Noreg, er det fortsatt mange som hugsar han. 31. mar 2006 blei ein bronsestaute reist i hans namn på Voss, staden der eventyret starta.

Norsk, men Amerikansk?

Rokne er eit ikon i amerikansk historie, og det blir kanskje galt å kalle han nordmann. Men kven veit, kanskje smalahovet og vossafåren han fekk som liten låg eit grunnlag for mannen han skulle bli. Uansett kva land han tilhøyrar, er ein ting sikkert, mannen var ein visjonær og ein legende.

Siste podcaster

  • TimeOut S13E13 Formel-1 spesial!
    I dag har TimeOut sine helt egne Formel-1 eksperter entret stuidoet for en liten spesial-sending om sporten. Hva skjer denne helgen i Kina? Hvem skal kjøre for hvem i 2025? Spalten Drømmelaget gjør en retur, og Gaute stiller opp med en liten quiz for å teste våre eksperter. I studio: Gaute Laeskogen, Adam Oscar Schou Andersen og Pernille Gjertsen. Produsent: Mathias Mæland. Ansvarlig redaktør: Sofie Larsen Nesdal.

Anbefalte artikler