Warhammer: Chaosbane

Warhammer: Chaosbane (frå no bere Chaosbane), er satt i universet til Games Workshop Warhammer Fantasy. Utan å gå inn i detaljar så finnes ikkje det universet hjå GW lenger, fordi dei sprengte sin eigen fantasi for å laga ei ny ver i sama univers (ikkje spør, eg er like forvirra som dykk). I warhammer universet, er det bere mørke, krig, elendigheit og generelt kjipe tilstandar. Lyspunkta deira er at det finns magi som ein kan lære å bruke, og den mørkare sida er demonar finnas også. I heile fire formar. Desse er i spelet sin rekkefylgje slik ein drep hovudsjefen per bane (kjem tilbake til det lenger nede): Nurgle (grøne demongud som er ròten og vil helst du òg skal bli hus til fleire fluelarvar), Khorn (ein hissig raud demongud som elskar blod, hovudskallar og krig), Slaneesh (emmm, guden for kokain, sex og puppar der dei ikkje høyrer heime) og Tzentch (guden for tid, og endring av typen du får fleire armar. Ut av låret. Som du fekk i panna)
Om du følar deg forvirra, frykt ikkje. Det gjer me som spelar spela og har eit tungnarko forhald til universet òg.

Spelet ser heilt greit ut. Ikkje super fint, men heller ikkje dårlegt ut. Pluss for alven og litt latt klesdesign (Skjermdump: Asbjørn-Heike – ©Eko Software)

Bakteppet til spelet og karakterane

I Chaosbane kan ein vele mellom fire forskjellige heltar som har sin eigen spelestil, og måte å fungere på. Felles for dei alle er dei er nokre egoistiske dustar som er like likande som mygla braud. Der ligg òg sjarmen til spelet. Du er ikkje ein godgut som skal redde universet. Du er ein litt mindre bad-guy som skal redde ein enno mindre bad-guy frå å bli manipulert av bad-guysa. Karakterane er som fylgjer: Konrad Vollen (ein vanleg soldat, som alltid har vært soldat, og no er resten av kompaniet hannar drepne og han er ute etter hevn), Bragi Axebiter (Ein av kommandørane for eit kompani dvergar, som tek avgjera som får alle dvergane i kompaniet drepen og blir ein Slayer som har som mål å døy på kulaste måte mogleg), Elontir (alvemagiker som blir sendt i eksil etter å ha drepen ein med-elev og hardt skada ein av lærerane) og Elessa (ein skogalv som bere følte for å ha eit eventyr som varte i 100 år og ein dag, og eigentleg prøvar å stikke av når spelet startar). Når du har velt ein av desse karakterane så byrjar spelet i soverommet til desse fire usannsynlege heltane. I min gjennomspeling valte eg å fullføre som høgalven Elontir. Denne karakteren er utrusta med magi opp ermane og ut trollmannshatten. Dei andre har sine eigne våpen og ferdigheitar, som sverd og skjold, to øksar, eller boge og dolk.

under mystiske vilkår får karakteren plutseleg eit klesløft i utsjåande. Og nakene kokaindemonar i bakgrunnen (Skjermdump: Asbjørn-Heike – ©Eko Software)

Spelet i eit nøtteskal

Spelet er bygd opp etter det nærmaste ein kan kalle ein klassisk hack and slash formel i byrjinga. Spelet framsetar verken som vanskeleg eller innvikla. Elles går historia på skinnar og ein skjønnar kvar vegen går med intrigar, forviklingar og svik. Heilt fram til akt 3 av 4 i spelet. Då byrjar ting å ta seg opp, då ein i kombinasjon av høgare level, fleire evnar å velje mellom og kulare utrustning på din valte helt, og spelet får plutseleg ei djupna som ein ikkje tenkte over tidlegare. Der ligg noko av problemet med spelet samstundes. Det er så herleg middelmåtig fram mot slutten. Historia er fortalt på ein heilt middelmåtig måte, den har heilt middelmåtig godt, og slutten er akkurat så klisjefylt og middelmåtig som spelet byggar opp mot. På ein eller anna måte så funkar det. Historia er akuratt passe lang, den dreg ikkje klisjeane sine for langt, og den er underhaldande. For å dykke enno litt djupare ned i korleis spelet funkar, så kan eg kort fortalt sei: du klikkar på ein stad, karakteren går til staden, du klikkar på ein fiende, karakteren angriper fienden, fienden døyr, du får exp. Rinse and repeat til du går opp ein level. Då får du eit sett med skillpoints du sjølv veljar kva skillar du skal ha aktiv på karakteren. Alle har tre forskjellige resursgenererande angrep, som igjen har tre nivå. Du har så eit ti-tals vanlege angrep som kostar den resursen karakteren har. Desse gjer naturleg nok meir skade, mot den resursen du har. I kvert kapitel har du ein rekke oppdrag som førar fram til ein stor sjefsfiende, og desse kan være eit herk å kverke. Dei krevjar tolmod og observasjonar av korleis angrepsmønsteret deira er. Eg kan diverre ikkje sei noko om korleis dei funkar på lågare vanskegrad, då eg spelte gjennom på grada “very hard” som er siste vanskegrada før “Chaos X” grada. Den går forresten frå 1 til no 7.

Alven skyttar lyn frå klar himmel, eller tak i dette bilete (Skjermdump: Asbjørn-Heike – ©Eko Software)

Konklusjon

Spelet er underhaldande og moro å spele, men manglar diverre innhaldet til å begrunne prisen dei ber om på steam for augeblinken. (skrivande stund 400,-) I dagens spelemiljø er prisen blitt ein defacto peikepinn på forventa mengde innhald og kvalitet på produktet. Ikkje misforstå, kvaliteten på Chaosbane er superb. I mine timer på å fullføre spelet har eg møtt ein bug (sjå Bethesda! Ein kan laga spel med få bugs!!!), og den buggen var ikkje særleg alvorleg heller (eit item eg ikkje kunne loote). Der spelet kommer til kort, er lengda og variasjon på vera. Det kjennes som eit halvt hack and slash, der halve vera ikkje er ferdig enno. Om spelet gjekk ned til halve prisen, så er pris, kvalitet, og innhald matchande. Kva framtida til spelet er veit ein ikkje enno, men eg personleg kryssar fingrane for at det skal utvikle seg til noko stort og fantastisk. For meg representerer spelet ein solid fire av sju Kokain-drivne sexdemonar.

Siste podcaster

  • Spillmagasinet: Kommende Adaptasjoner og Bisarre Fohåndsbestillinger
    Er vi på veg mot en storhetstid for gode filmadaptasjoner av spill, nå som spill begynner å bli mer og mer normalisert som et medium? Og er det verdt å betale nærmere 2000 NOK fo å få tilgang til Star Wars Outlaws 72 timer før alle andre? Store spørsmål som trenger lange svar fra store personligheter i denne ukens episode! I Studio: Benedikte, Kristian, og Agnar

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler