EvE online. Ein odysse i excel og demokrati del 1

Eit stort krigsskip mot ein større romstasjon. (skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

EvE Online, er eit av dei eldste MMO-spela på marknaden i dag som framleis er under konstant utvikling. Samstundes er det annleis -MMOen som ikkje gjer som alle andre rundt dei. Frå dag ein, har expansionane vært gratis, dei har heldt på sin månedsbaserte betalingsmodell, og dei held minst fire gonger i året ein speler konferanse på Island i CCP sitt hovudkvarter. Desse konferansane består av CCP (produsenten av EvE) og valte medlemer frå spelesamfunnet til EvE. Dei diskutera alt som har med spelet å gjere, og gjer då spele gjennom val ein stor påverknad i framtida og utforminga av spelet vidare. Ut over det så flyg ein forskjellege romskip i EvE online. Og du kan spele omtrent slik du vil. Vil du leve av å produsere oksygen frå planetar og sele det på marknaden, så kan du det. Følar du heller dragning mot å slås, og har litt lågare moralsk standard så kan piratlivet være noko for deg. Kjappe pengar og stor sjanse for å døy. Det er tre element i EvE Online som skilje det frå andre spel. I tilfeldig rekkefylgje: Innlæring av ferdigheiter tek verkeleg tid, alt utover dei lågaste nivåa av skip, modular og ammo, er alle speler laga, og når eit skip blir sprengt, så er det borte for alltid. (Det inkluderer òg det superdyre dreadnaught gigantskipet ditt).  Og om du er skikkeleg uheldig så klarar dei å drepe kapselen din, og då kan du miste ferdigheiter midlertidig eller svært dyre implantat som karakteren har. (kapselen er der karakteren din ligg i og blir kopla opp mot skipa)

Fantastiske miljø når ein leiker gruvedrift i versromet (Skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

områdar dei er betre på en andre, og sin unike design på skipa dei har. Desse fire er dei religiøse Amarr, dei superkapitalistiske Caldari, militærmakta Gallante og dei litt primitive Minmatar. For å beskrive hovuddesigne til kvar faksjon, så i same rekkefylgje som namngjevinga, Amarr med avrunda skip og fokusering på laser, Caldari tek inspirasjons frå murstein og har masse skarpe kantar og firkanta skip med fokus i missila i alle formar og fasongar, Gallante har ein meir naturleg preg og har mykje formar som teken ut frå naturen og fokuserer på hybrid våpen, til slutt har me Minmatar………. Deira skip ser ut som om dei tok ein stor rommagnet, drog den gjennom ein skraphandlar og sveisa resultatet saman og kalla det ein dag. Og dei fokuserer på tradisjonelle prosjektilvåpen.

Caldrai sine skip er ganske kule (skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

Spelet er bygd opp med forskjellege system (5201 til sammans) som ein spelar i. Systema er i seg sjølv klassifiserte etter eit sikkerheitssystem, frå 1.0 ned til 0.0, og frå 1.0 til 0.5 så er ein relativt trygg med datastyrt politi som dukkar opp og tek seg av nokon som ynskjer å tulle med deg og skipet ditt. Desse systema kallas for High Sec. Systema frå 0.4 til 0.0 blir gradvis meir lovlause, og det er i desse systema ein kan flyge rundt i store capitalships, og bygge eigen romstasjonar og tilsvarande. I dei datastyrte stasjonane kan ein skaffe seg oppdrag for forskjellege delar av faksjonen som eig systema, og gjennom dei skaffe seg eit positivt omdøme blant dei.

Ein kan sjå ruta ein skal hoppe ved å kikke blant stjernane. (skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

EvE Online ser fantastisk ut, og heldigvis har dei musikk som matchar spelet. Musikken er kraftig men subtil. Når ein miner eller bere flyg rundt og loffar er musikken roleg og avslappande, og under kampar så fremmar den adrenalinet som ein føler i eit spel der tap er permanent. Det permanente tapet, har ført til implentering av eit forsikringssystem i spelet, der ein kan forsikre skip og utrustninga på dei og få igjen noko om dei blir øydelagt. Det som er mest skremmande når ein først startar spelet, er UIen. Den er stor, tung og lite sjølvforklarande. Karakteren eg spelar på, blei ifylgje spelet “født” 23.10.09. Og sjølv etter alle desse åra følar eg litt på skrekken når noko nytt eller uventa skjer. Særleg etter ein større oppdatering der dei endrar litt på plasseringane på knappane.

Ein kaotisk UI i sin herleghet og skrekk (skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

For ein del, så ligg interesse i spelet i kampar båe mot datastyrte skip andre spelarar. For å byrje med dei avanserte kampane, så er kampar mot andre spelarar svært spesielle i forhald til noko anna eg har spelt. Ein kan forhandle med dei om ein har mykje pengar for fritt leide, då piratgjengar sender som regel ein eller to små skip med skannar og noko som låsar hyperfarta til bytte. I desse situasjonane så skannar ein bytte og lasterommet deira og om ein er snill, så tilbyr ein fritt leide for ein avtalt prosent av verdien til lasta og skipet. Ein kan sjølvsagt sprenge dei etterpå og tene eit par ekstra slantar på det. Inga ære blant tjuvar. Om ein er litt meir lovlydig, så kan ein bli med i ein korporasjon, som er EvE sin utgåve av guildar. Desse kan erklære krig mot kvarandre og då er alle områdane uavhengig av sikkerheitsnivå gyldig område å sprenge kvarandre på. Desse tek tid, kostar resursar og er særs moro å være med på. Det er noko spesielt i ein ferie å vakne til telefon frå USA, om at dei som erklærte krig mot deg, flyttar eit gigantisk verdifullt romskip frå A til G med alle hoppa mellom utan eskorte og det må takast der og då. Slike minner kan ein skaffe i EvE, i lag med vener frå heile vera som ein gjerne pratar med lenge etter ein sluttar å spele. Samanlikna er kampar mot AIen kjedelege, då dei som oftast er dra til system A, hopp til punkt A i systemet, drep desse skipa eller tingen, hopp tilbake, få pengar, oppdrag ferdig.

Kampar kan sjå litt underveldande ut, sjølv om dei pumpar plenty adrenalin (Skjermdump: Asbjørn-Heike Hagen)

 

Fly trygt til neste gong. o7

Siste podcaster

  • Spillmagasinet: Søksmål, Vårsalg, og Papa's Indieria
    Dedt begynner å bli vår og varmere vær! I den anledningen har Spillmagasinet laget en liste over spill som er på tilbud på Steam (frem til 21. mars, så løp og kjøp). Det blir også satt fokus på fremtiden for emulatorer, samt gravende journalistikk rundt Papa Louie og hans mange spisesteder. I studio: Ole, Benedikte, Og Agnar

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler