Port-Repport Super Mario U Delux

Mario-spela er for mange inngongen til spelvera, og ein av hovudårsakene til speleinteressen. Mario er ein folkekjær røyrleggar som dei fleste har høyrt om. Gjennom ver etter ver, med forskjellig tema, handterer Mario utfordingar som kjem som perler på snor. Plattformar, mystiske fiendar og andre hindringar, stoppar Mario frå å springe frå venstre til flagget på høgre side av kartet. Alle gode spel må eit mål spelaren skal jobbe mot, og målet i Mario er å redde prinsessa som er bortført av eit skjelpaddemonster fylt med horn og piggar. Speleserien starta i 1985, på FamiCom og Nintendo Entertainment System, og i 2019 har Nintendo har gjort det igjen. Eit nytt Mario-spel for store og små. Diverre er det bere ein HD utgåve av spelet me fekk til Wii U, med veldig få endringar.

Nokre små endringar er gjort i forhald til kart, plassering av fiendar og liggnande. Naturleg tenkjer ein det er negativt, men spelet egnar seg utruleg bra på Switch. I handheldt modus er det naturleg nedskalering av innhaldet til å passe på skjermen, og det kan bli hektisk med animasjonar utan nemneverdig effekt på Switchen. New Super Mario U Delux er like moro som New Super Mario U, og utvidelsen New Super Luigi U som kom til det. Inovasjonane står ikkje i kø, utanom val av vanskeleghetsgrad basert på karakterval. Den største endringa er her. Den blå toaden du kunne spele på Wii U, er bytta ut med ein rosa Toadett som òg fungerar som Easy-Mode. Den andre nye karakteren er den lilla kaninen som stel power-ups, Nabbit. Nabbit er spelets Very Easy-modus. Endringa kjem gjennom korleis desse karakterane oppføra seg i spelet, kontra dei andre. Mario er som vanleg midt på treet karakteren, Luigi spring litt seinare, glir lettare rundt og hoppar høgare. Toad hoppar lågast av alle, men er til gjengjeld den som spring kjappast. Toadett hoppar like høgt som Luigi, stoppar omtrent på flekken, svømmer som pingvindrakta er i bruk, sjølv om ho ikkje har den på. Toadett er samstundes den einaste karakteren som kan nytte den nye Super Crown, (som forøvrig har generert ein del alternative bilete på nettet) og blir transformert til karakteren Peachette og styrer då som Peach i andre mariospel, og kan blant anna sveve i lufta utan å miste høgde om ho snur seg fort, slikt som Mario, Luigi og Toad i flygeekorn drakt. Nytt av året er ein kan velje karakter uavhengig av kvar mange personar som spelar.

Mekanisk er det lite nytt å melde frå om. Spelet er framleis moro, om ein litt repetetivt tidvis (slik Mario spel generelt er). For å sjå utanfor nostalgi brillene, så hyrte eg inn nokre fleire til å være med å spele. Etter ein del timar kom konklusjonen frå tilskuarmassen, og spelet blei varmt omfamna av 6 år gamle jenter, nye mødre og små spedborn. For oss eldre, så er det ein tolmodsprøving å spele meir en ein person. Diverre utan skikkeleg kontroll som pro-kontrollen i ein form, opplevast Swithen sine Joy-Cons som eit hinder for nøyaktig plattform hopping eller kontroll i det heile. Meir en ein gong falt Mario til døden, då Luigi ikkje klarte å stoppe utan å dytte Mario. Enkle feilvurderingar kan fort bli fatale, dømes der ein person står på fallande plattform, og spelar to hoppar på hovudet deira når dei skal hoppe av plattforma.

Spelet kan verkeleg anbefalast for alle som ikkje orkar å leite fram den nestøva Wii’en eller den nesten ikkje-eksisterande Wii U’en. Og det er ein fantastisk plass å starte Mario-karriera si.
Om ein ynskjer inovasjon og nyvinning i Mario universet bør ein sjå til andre odysear. Om eg skal gje spelet ein karakter i det heile, så må det bli 2 røde toads av 3 røde toads.

Siste podcaster

  • Spillmagasinet: Søksmål, Vårsalg, og Papa's Indieria
    Dedt begynner å bli vår og varmere vær! I den anledningen har Spillmagasinet laget en liste over spill som er på tilbud på Steam (frem til 21. mars, så løp og kjøp). Det blir også satt fokus på fremtiden for emulatorer, samt gravende journalistikk rundt Papa Louie og hans mange spisesteder. I studio: Ole, Benedikte, Og Agnar

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler