SPOILERS: Kva skjer vidare etter «Avengers: Infinity War»?

I «Avengers: Infinity War» ser vi heltene våre kjempe mot den mektige titanen Thanos som samlar alle Infinity-stones, slik at han kan utrydde halvparten av alt liv i universet. Har du ikkje sett filmen endå, bør du ikkje lese vidare. Har du sett filmen, ja då veit du at Thanos har klart det. Det største wow-momentet i heile filmen er når han faktisk knipsar fingrane sine etter å ha samla alle dei seks steinane og folk rundt løyser seg opp, til og med mange av våre kjære helter. Dei klarte ikkje å redde universet. Dei tapte.

Ant-Man and The Wasp
Paul Rudd og Evangeline Lilly som Ant-Man og The Wasp. (Foto: Film Frame Marvel Studios)

Ant-Man and the Wasp

Før Avengers 4 kjem til neste år får vi sjå «Ant-Man and the Wasp» i sommar og «Captain Marvel» i februar 2019. «Ant-Man and the Wasp» skal spele mellom hendingane i «Captain America: Civil War» og «Infinity War». Scott Lang (Ant-Man, spelt av Paul Rudd) er under husarrest etter Civil War og Sokovia Accords, og får eit nytt oppdrag å utfylle saman med Hope van Dyne som The Wasp (spelt av Evangeline Lilly).

De skal kjempe mot antagonisten The Ghost (spelt av Hannah John-Kamen), som kan såkalla «phase-shifting», bevege seg gjennom veggar og anna materiale. I tillegg får vi sjå Laurence Fishburne som spelar superhelten Goliath og Michael Douglas spele Hank Pym, slik vi såg i «Ant-Man» som kom ut i 2015. Filmen skal handle mykje om «phase-shifting» både gjennom materiale og i storleik. I 2015 «Ant-Man» blei det sagt at kona til Hank Pym blei fanga i Quantum Realm etter eit topphemmeleg oppdrag. Dette blir også nemnt i traileren. Kva dette har å seie for filmen og korleis hendingane i «Infinity War» vil bli påverka, vil vi kunne sjå i juli i år.

Captain Marvel

Den andre filmen etter «Infinity War» er «Captain Marvel». Karakteren har vi ikkje sett før, men vi såg at Nick Fury kontakta ho i slutten av «Infinity War» før han sjølv gjekk i oppløysing. Filmen skal spele på 1990-talet og handle om airforce-piloten Carol Denvers som seinare får superkrefter og blir til Captain Marvel. Planeten jorda er midt i krigssona mellom to alien-rasar, der vi veit at den eine er Kree, som vi tidlegare har sett i til dømes «Guardians of the Galaxy» og fleire gongar i serien «Agents of S.H.I.E.L.D.». Vi får sjå Brie Larson som Carol Denvers / Captain Marvel, Jude Law som Mar-Vell, og kjente karakterar som Samuel L. Jackson som Nick Fury, Lee Pace som Ronan the Accuser (som døde i «Guardians of the Galaxy») og Clark Gregg som Phil Coulson (drepen av Loki i «The Avengers», seinare gjenoppliva og ein av hovudkarakterane i serien «Agents of S.H.I.E.L.D.»).

Logoen til filmen. ©Marvel Studios
Logoen til filmen. (Foto: Marvel Studios)

Generelt veit vi lite om kva vi vil sjå i filmen og kva den i det heile tatt vil handle om, men ettersom den andre alien-rasen er Skrull, og ein krig mellom Kree og Skrull vil finne stad, kan dette føre til ein like stor konflikt som Thanos har vore for Marvel-universet dei siste årene. Vi veit at Captain Marvel er ein veldig sterk karakter, kanskje den sterkaste som vi har sett til no. Og vi veit at ho vil spele ein viktig rolle i Avengers 4, men kva rolle dette vil vere, er uklart. I alle fall nokre av svara får vi i februar 2019 når filmen kjem på kino.

Infinity War, del 1 og del 2, slik det opprinneleg blei planlagt. ©Disney
Infinity War, del 1 og del 2, slik det opprinneleg blei planlagt. (Foto: Disney skjermdump)

Avengers 4 og tida framover

Kva vil skje vidare? Den neste Avengers-filmen kjem på kino i april eller mai 2019 i Noreg, og den vil sannsynlegvis bli endå større enn «Infinity War». Begge filmane blei filma samstundes og er dermed allereie ferdiginnspelt. Først blei filmane titla som Infinity War del ein og del to, men dette blei seinare forkasta sidan «Infinity War» er ein avslutta filmhistorie. Det er mykje vi ikkje veit om filmen. Vi veit verken kva den vil handle om, kven som nøyaktig vil vere med i filmen (sjølv om det finnes ein cast-liste, stemmer den sannsynlegvis ikkje) og heller veit vi ikkje tittelen på filmen, som vil vere «ein spoiler» sa produsent Kevin Feige. Vi veit at nokre er død eller vil kome til å døy, men kven dette vil vere veit vi ikkje endå. Det blir i alle fall ein ny film om Spider-Man som skal spele rett etter handlinga i Avengers 4 og ein ny film med «Guardians of the Galaxy», som også skal handle om tida etter. Det blir ei spennande tid framover for Marvel Cinematic Universe med filmane. «Infinity War» er kult og stort, men det er langt ifrå slutten.

Siste podcaster

  • Påskespesial: krim og sånt
    Ingrid, Momina og Linnea samles i studio for å snakke om krim! Det er påskeferie, en tid hvor mange samles foran tv-en for å se på mord og mysterier. Hvorfor akkurat krim? Hvordan startet påskekrim-tradisjonen? Dette blir diskutert, i tillegg til en rekke MYSTISKE anbefalinger fra jentene. Studio blir også rammet av et eget påskemysterium, nemlig et uventet mord som må etterforskes. Lytt hvis du tørr.

Anbefalte artikler