Berre ei kvinne til val ved Universitetet i Bergen

Førige veke gjekk dekanvalet ved Universitetet i Bergen av stabelen. Ni kandidatar stilte til seks stillingar, men kun ei kvinne meldte si interesse. Bente Wold stilte mot sitjande dekan Jarle Eid ved det psykologiske fakultet, og vann. Ho meiner mykje av grunnen til at få kvinner stiller ligg hjå fagmiljøa.

– Det har teke tid for kvinner å kome inn i høgare utdanning, og det tek enno meir tid før dei kjem i professorstillingar. Eg trur at ein del av grunnen til at me ser få kvinner som stiller til val er at fakulteta er mannsdominerte.

Høyr heile innslaget her:

Bente Wold. (
(Bente Wold. Foto: Universitetet i Bergen)

Christine Jacobsen, leiar for senter for kvinner– og kjønnsstudiar er einig i dette, og meiner ein må ta dei meir strukturelle forholda i organisasjonen i betraktning.

– Det å kome i leiarposisjon i universitetssystemet avhenger i stor grad av sosial støtte i form av nettverk, og sånne nettverk veit me at veldig ofte er kjønnsavhengige.

Ho viser til at det fins ei rekke meir eller mindre synlege barrierer for kvinner.

Dekanval

– Alle fast tilsette i undervisnings- og forskerstillingar, samt åremålstilsette instituttleiarar kan stille til val som dekan eller prodekan

– Valget blir heldt elektronisk, med mindre det kunn kjem inn forslag på éin person til vervet som dekan eller prodekan. I så tilfelle, føregår valet av det avtroppande fakultetsstyret som valforsamling.

– Ved valet stemmes det på begge dei føreslåtte (dekan og prodekan) under eitt.

(Kjelde: Uib.no)

Kvinner må jobbe meir for å bli høyrd, for å bli tatt på alvor, og dette vil og kunna ha konsekvensar for kven som blir sett frå leiinga som potensielle leiarar innanfor organisasjonen.

Kjønnsrollemønster

Jacobsen meiner vidare at ein er nøydt til å sjå dette spørjesmålet i lys av det me vet i breiare forstand og korleis kjønnsnormer fungera i samfunnet.

– Me kan ikkje sjå akademia som lausrive frå større sosial og økonomisk kontekst. Me må vere forsiktige med å sjå likestilling som en form for lineær utvikling som av seg sjølv skal bli betre over tid. Det er store økonomiske, sosiale og politiske endringar i samfunnet som påverkar og vert påverka av endringar i kjønnsnormer.

Wold trur at kjønnsroller er avgjerande for kven som ender opp i leiarposisjonar i organisasjonar som universitet.

– Det er vel framleis slik at kvinner tek meir ansvar heime, og dermed vert meir dobbeltarbeidande. Særlig medan borna er små er det gjerne kvinna som tek mest ansvar, og då vert det vanskelig.

Vidare peiker ho på at det kan verke som at kvinner vegrar seg for å ta slike roller.

– Eg lurer på om leiarstillingar er mindre attraktive for kvinner. Det kan vere at kjønnsrollemønsteret tilseier at menn ynskjer å vere meir i posisjon, at dei i større grad ynskjer makt.

Samstundes peiker ho på at Universitetet har innført tiltak for å auke andelen kvinner i leiande stillingar.

picture-15125-1471524951
(Christine Jacobsen. Foto: Universitetet i Bergen)

– Når det gjeld opprykk til professor, som er ein viktig fyrste start for mange, sørger en mellom anna for å frikjøpe spesielt kvinner i ein periode slik at dei kan jobbe primært med forsking og publisering, og dermed vere i stand til å kvalifisere.

Etterlyser meir forsking

Det er flest kvinnelege studentar ved Universitetet i Bergen, men likevel er det få kvinner som stig i gradene. Jacobsen meiner at andelen kvinner som får etablerte posisjoner og akademiske toppstillingar er påfallande låg, tatt i betraktning at Noreg blir sett på som eit likestillingsland.

 Det er ikkje enkelt å gi noko veldig enkelt svar på kvifor vi finn få kvinner i leiinga ved forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Ho etterlyser meir forsking på området.

 Me treng meir forsking som går inn i dette, og som ikkje tek det for gitt at me veit kva likestilling er og korleis me skal oppnå det.

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler