Sterk kritikk for STOFF

Innlegget i STOFF magasin “Din jævla voldtektsmann” av Sigurd Pryser fikk i førre veke sterk kritikk frå fleire hold. Innlegget er eit av mange som tek opp problematikken rundt holdningar til voldtekt. Innlegget er utradisjonelt då det tek opp kvifor menn i mange tilfeller kan føle seg som voltektsmenn på veg heim frå byen. Student Muna Jibril meiner innlegget ikkje har nokon litterær verdi, og at den øydelegg den debatten ein ellers kunne hatt.

Hør heile debatten her:

Latterleggjer kvinner som er redde

Mykje av kritikken som har komt den siste veka, handlar mykje om korleis kvinnene representeres i innlegget. Studenten Muna Jibril, uttrykte seg sterkt om saken på twitter, og meinte det var uforsvarleg av redaksjonen i STOFF å trykkja denne saken.

– Kritikken min går mest mot redaksjonen som lot dette komme på trykk, for det er ikkje forsvarleg i det heile tatt, fortell Jibril då ho møtte til debatt saman med Folkman.

Ho legg til at ho er einig med Folkman om at det sikkert er mange som kan kjenne seg igjen i problemstillingen, og at dette kan vere ubehageleg, men at det ikkje er her hovudproblemet ligg.

– Hovudproblemet er korleis han set seg sjølv i sentrum, og så latterleggjer han kvinner som er redde, og han er ikkje villig til å sette seg i skoa til kvinna, fortel Jibril.

Ei anna tolking av teksten, enn det som var meint

I kommentarfeltet til innlegget har kritikken vore sprikande, men ein kan sjå at fleirtalet har tolka teksten på ein heilt anna måte enn det redaksjonen sjølv gjorde. Folkman fortel at som ein kan sjå i kommentarfeltet, så har det skjedd ei heilt anna lesing enn det dei gjorde som redaksjon.

– Vi tok ein redaksjonell vudering når vi såg på teksten, og syns at den var verdt å trykkja, påpeikar Folkman.

Han fortel vidare at det har blitt satt heilt andre premissar for kva teksten meiner seinare, som redaksjonen ikkje er einige i. Dei forventa ulike responsar på innlegget, men meiner tonen kunne vore ansleis.

– Sjølvsagt var vi klar over at dette var eit kontroversielt tema då vi trykkja det, så vi var ikkje redde eller overraska over at det kom noe kritikk, men vi syns at tonen enkelte stader er litt gale, fortel Folkman.

Viktig å ta opp alle aspekter av voldtektssaken

Etter at innlegget blei publisert i magasinet STOFF, har redaksjonen mottatt sprikane kritikk på innlegget. Magasinets ansvarleg redaktør Varg Lukas Folkman fortel at det er viktig å ta opp alle aspekter ved voldtektssaken.

– Det var på ingen måte eit forsøk på å nedverdige offerets rolle i ein voldtekt, fortel Folkman.

Vi høyrar ofte om kvinners tankar i voldtektsdebatten, men menn er ofte underrepresentert i ein slik debatt. Folkman meiner at dei har satt lys på eit tema som ikkje så ofte kjem fram, og er glad for at lesarane engasjer seg i debatten.

– Det hadde vore veldig kjipt om teksten berre forsvann inn i det stille som så mykje anna, fortel Folkman.

Han påpeikar dessutan at det er ein utfordring å få respons frå lesarane, og då er det kjekt når ein kan diskutere fleire sider av saken.

Fleire som kjenner seg att

Tilbakemeldingane på saken har vore både positive og negative, og Folkaman meiner at fleire kan kjenne seg att, utan at det skal trekkje ned rollen til offeret i ei slik sak. Det er åpenbart at offeret er viktigst, det er Folkman einig i, men syns det er fint at temaet ikkje berre sklir bort.

– Vi syns det er bra at folk er villige til å debattere dette, og ikkje berre lar det skli bort, og pressa det ned fordi det er eit kontroversielt tema, seier Folkman.

Ingen litterær verdi

Jibril meiner at det må vere eit nivå på debatten, og at ein ikkje kan kalle eit innlegg kontroversielt og trykkje det. Ho spør vidare kva teksten eigentleg bidrar med, og meiner at teksten ikkje har noko verdi. Ho påpeikar og at hennar oppfatning er at teksten er meir kåserande, og lignar eit kåseri.

– Den øydeleggjer den debatten ein kunne hatt om ubehaget menn føler, men det er ikkje mogleg å debattere det etter at han har lagt det fram på den måten, fortel Jibril.

Ønskar ikkje å ta høgde for kritikken i kommentarfeltet

Folkman er tydeleg på at dei ønskar debatt på temaet og syns det er bra at folk engasjer seg, men ønskjer ikkje å ta høgde for kritkken som kjem fram i kommentarfeltet.

– No tek vi kritkken som den kjem, og om nokon faktisk kjem med kritikk mot oss, som ein ikkje finn i eit kommentarfelt så er vi meir en villige til å ta opp dette, fortel Folkman.

Han svarar vidare på kritikken Jibril la fram.

– Vi trykkjar ikkje saker i den forstand at vi tenkjer at dette er ein sak som kjem til å bli kontroversiell, vi er ei avis som har takhøgde for kva journalistane våre får lov til å trykkja, fortel Folkman.

Journalistane skriv ofte saker som er kontroversielle utan å tenkje at dei er kontroversielle, påpeikar Folkman, og at det er naturleg at når desse sakene kjem ut, så blir dei kontroversielle, og då tek STOFF debatten som den kjem.

Jibril tykjer det er synd at STOFF gjøymer seg så mykje bak ytringsfriheten, og påpeika at Anna Eitrem, STOFF’s kulturredaktør, ba Jibril om å gå og lesa noko anna om ho ikkje likte dette.

– Det er veldig mykje av arrogansen dykkar som er provoserande i tillegg, fortel Jibril til Folkman.

Folkman er ikkje einig i Jibril her, og meiner at STOFF er ei avis som trykkjer saker som vil skape kontrovers, og som vil få debatt. Han påpeikar vidare at han ikkje kan styre kva Eitrem går ut og seier, og påpeikar at ho og andre er privatpersonar.

Ønskjer likevel ikkje eit overordna organ som kan kontrollere studentmediene

Sjølv om kritkken har vore hard, og Jibril er sterkt ueinig i mykje av det Folkman påpeikar, meiner ho at det er redaksjonen sjølv som skal styre kva som blir publisert og ikkje. Ho legg til at STOFF er studentdriven og frivillig, og at dei får støtte frå Velferdstinget, og at dei sånn sett har eit ansvar.

– Det er mine pengar som eg betal inn til semesteravgifta, den går til dette her. Då kan dei ikkje gjere kva dei vil, seier Jibril.

Folkman påpeikar at dei får mange gode tibakemeldingar på saker dei publiserer, òg denne saken om korleis menn ofte kan føle seg som voldtektsmenn på veg heim frå byen.

– Det er studentpolitikarane som syns at STOFF er noko som er verdt å gi pengar til år på rad, og det får dei heller stå inne for, seier redaktør, Varg Lukas Folkman.

Siste podcaster

  • Nyhetsuka 03.05.2019.
    I denne vekas utgåve av Nyhetsuka får du høyre om at universitetsstyret valde å nedstemme forslaget om bøtelegging av forsinka sensur, dei nyleg offentleggjorte søkartala til UiB for neste skuleår, og debatt om korvidt utveksling burde vere obligatorisk eller ikkje. I studio: Kristin Aakvaag og Stine-Sofie Rivedal.

Anbefalte artikler