Ord av verdi

This content has been archived. It may no longer be relevant

Ordseljar Anne Middelboe har selt hundrevis av ord frå ordbutikken sin som ligg i ei av dei eldste gatene i København. Det finst berre ein av kvart ord og folk kan få kjøpe det ordet dei sjølv ynskjer. Dette gjer kvart enkelt ord unikt då kjøparen er den einaste som får ”eige” dette ordet. Prisen for ein lapp med eit ord på er 500 danske kroner.

Er det i heile tatt lov å selje ord? Språk er gratis og høyrer til alle, så at mange blir provoserte er kanskje ikkje så rart. Men i fylgje Middelboe kan ho selje ord ettersom det er ein del av eit prosjekt. Orda som vart kjøpt skal til slutt bli ei diktsamling. Diktsamlinga blir då eit resultat av eit treårig crowdfundingprosjekt som vart avslutta i juni 2016. Det som no står att er å dikte dei selte orda saman til ei diktsamling.

Middelboe seier eit slikt ord kunne vera fint å gje i gåve. Det er mottakaren som bestemmer verdien av ei slik gåve. Ord i seg sjølv kan óg bygge og drepe, så ein burde kanskje vera påpasseleg med kva for eit ord ein gir bort nettopp fordi dei kan ha slik kraft. Det vil vera dårlig verdi på gåva om ordet er frykteleg. Ord har naturlegvis verdi i seg sjølv, men er det heller prosjektet bak som gjev ordet ein verdi verdt å betale 500 kroner for? Å få eit meiningsfylt ord på ein lapp til 500 kroner kan for mange vera hyggjeleg og personleg, men også unødvendig.

Nokon vektlegg prosessen i kunst som like viktig som resultatet og her inviterer Middelboe folk til å vera med i prosjekt hennar. Folk som har kjøpt eller fått eit ord er blitt involvert og kanskje engasjert i prosjektet. For folk som interesserer seg kan dette vera ei meir verdifull gåve enn eit par nye tøflar.


Høyr meir om Middelboes ordbutikk og Shelley Jacksons tatoveringsprosjekt ”Skin” i skumma kultur sin podcast.

Siste podcaster

Anbefalte artikler