Spillelisten uke 38

This content has been archived. It may no longer be relevant

VEKAS LÅT: Honningbarna – Drep Meg

Det er ikkje mange som slår på kanonane så hardt som Honningbarna gjer når dei slepp ny musikk. Denne veka har me lista låta “Drep Meg” som kjem på det komande albumet. Det er lett å høyre kvifor Honnningbarna har nokre av dei mest dedikerte fansa i Noreg. Energien er alltid på topp og denne låta er forhåpentlegvis ein indikator på kva som kjem vidare!
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/270484477″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Cheap Karma – Silence Of Youth

Den neste gruppa på lista vår held også tempoet høgt. Cheap Karma frå Kristiansand lager eksperimentell rock med jævla mykje fart. Låta Silence Of Youth er ein av fleire utruleg kule låtar på albumet “Phrenic”, som nett vart sloppen.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/268940231″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

New Age Disco Boys – Bastards Son

Om du trur dette er discomusikk tar du heilt feil. Gutane frå Bergen i New Age Disco Boys har funne si eiga retning med ein røff, riffbasert stil. Dei starta i 2015, og har spelt blant anna på Hulen, men har ennå ikkje gitt ut noko større prosjekt.

Kjært Barn – Livsløgn

Då John Olav Nilsen og Gjengen slutta å laga musikk i 2013 vart det skapt eit hol i bergenmusikken som ikkje Fjorden-Baby klarte å fylla heilt. Dette var før den mystiske artisten “Kjært Barn” dukka opp. Artisten som er signert under NMG/G-Huset er eigentleg rapperen Petter Beyer, som nå har gått solo. Musikken han lager er langt frå rap, men eg trur det er helt rett retning.

 

Jakob Ogawa – You’ll Be On My Mind

Nokre folk er så talentfulle at dei ikkje treng produsent, bandmedlemmar og låtskrivarar i støtteapparatet sitt. Jakob Ogawa er ein som hamnar i denne kategorien. Han lager all musikken sjølv på “soverommet” sitt i Olso, og det høyrest ikkje ut som han treng hjelp heller, for den herlige orientalsk-inspirerte musikken treff alle dei rette tonene.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/236023275″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Kråkesølv – Lenge Sia Sist

Det er kanskje litt lenge sidan sist nå. Du må nemleg gå tilbake cirka to år for å finna det siste bodøbandet gav ut, men det har ikkje gjort kråkesølv rusten. Strengare tvert i mot, den nye låta viser kanskje at dei skin klarare enn før. Dei syng fortsatt på dialekt, og det er fortsatt tekstane som står i sentrum, og det er det me elskar med bandet som nå snart har holdt på i 10 år.

 

Windmer – Human Hands

Det er ikkje så mykje å sei om Widmer frå Oslo si nye låt “Human Hands” utenom at den er utruleg intim og nær. Dette er ein nydeleg bruk av stemmen i lag med ein klar og herlig gitar som kan få håra på nakken til å reise seg litt.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/279107088″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Anbefalte artikler