Vil du bli med på kino?

This content has been archived. It may no longer be relevant

ADVARSEL: Det er viktig om ein ser humoren i denne saka, men kanskje endå viktigare om ein ser alvoret.

I Noreg lev vi i eit hypermoderne og eksponert samfunn der det stadig vert enklare og enklare å få seg “noko”. Ein kan “Superlike” kjekke framande på Tinder, matche med forbipasserande på Happn, lage squad på Heaps og dessutan sjekke opp anonyme studentar på Jodel. Er vi berre ein “like” vekke frå ekte kjærleik?

Mine Tinderfaringar

Av eigne erfaringar opplever eg det som litt vanskeligare enn dette. Det er ikkje like enkelt å sjekke opp kven som helst på ein av desse appane. Dessverre er den einaste erfaringen eg kan skryte på meg frå Tinder. Der har eg dømt guttar mellom 20 og 25 ut i frå utsjånaden og av og til gitt ein “like” på grunn av morsomme kommentarar i infologgen. Men der stoppa det som regel. Det hendte at eg fekk ein melding, men oftast var er for skremt til å svare. Då eg først svarte gjekk det nemlig berre ein veg. Matchen foreslo eit møte, men eg kom på fleire unnskyldningar for kvifor eg ikkje kunne. Det vart for kleint!

Er vi berre ein “like” vekke frå ekte kjærleik?

Det tradisjonelle møtet

687407f3-fc7b-4a91-8920-2eba57fc25a5
Det hender at eg beveger meg utanfor husets fire vegger. (Foto: Lene-Kristin Ekreskar Blikås)

Eg drømmer om å oppleve sjarmen frå det tradisjonelle møtet der ein irriterer seg over trafikkorken bussen sit fast i eller kræsjer inn i kvarandre på veg ut frå lesesalen. Det er nok ein liknande historie ein kjem til å fortelje ungane sine når den tid kjem. Men slik opplever ein sjeldan her i Noreg, i alle fall eg. Aldri har eg blitt bedt på middag eller gitt vekk telefonnummeret til ein edru framand. Eg merkar ein svak sjalusi då eg ser Carrie og dei andre venninnene i Sex and the City som stadig vekk bli sjekka opp av framande. Det er jo ikkje umogleg å finne seg nokon her i Noreg, men ytterst sjeldan er det i edru tilstand og endå sjeldnare får du ein middag før ein skal danse lakenvalsen.

Kven skal eg be?

Tidlegare denne veka vann eg to billettar til Captain America: Civil War. Eg vart først utrulig glad, men då eg skulle finne ut kven eg skulle ta med meg skjønte eg problemet eg stod ovanfor. Fleire venner har meldt seg frivillig til å bli med på kino og eg har sterkt vurdert dei, men dessverre fekk eg ein idè som eg ikkje klarte å legge frå meg. Eg har null erfaring når det kjem til dating og kan ærleg sei at eg aldri har vore på ein skikkeleg date. Nettopp derfor er eg nøydd for å skaffe meg ein date som vil gå på kino med meg. Her står eg føre eit anna problem. Eg tørr rett å slett ikkje å be nokon på date sjølv. Den einaste logiske løysinga var sjølvsagt å lage ei kontaktannonse.

Høyr kontaktannonsa mi her:

Anbefalte artikler