Julesending med Studentmorgen på Ad Fontes

This content has been archived. It may no longer be relevant

Gatene i byen er allereie pynta fint med strålande julelys, og den koselege tida nærmar seg med stormskritt. Snart er det jul! I høve til festen arrangerer Studentmorgen, Studentradioen i Bergens morgonprogram ei ekstra julesending. Vi inviterer alle til å komme innom ein koseleg stund på Ad Fontes, der julesendinga sendast direkte frå sofaen i kafeen frå kl. 09:00 til 11:00.

Vi pyntar salen med levande lys og det blir både peparkaker og klementinar til alle som kommer. Som vanleg for sendingane vore har vi invitert nokre koselege gjestar. Mediehuset 5080 skal komme og få lattermusklane dine i gong. Det blir også livemusikk frå Children of Carnivale, om du ønsker å starte dagen med dans og song. I tillegg får vi besøk frå ein kokk som skal lage mat.

(Foto: Synne Larsen)
(Foto: Synne Larsen)

Om du ikkje har tid til å komme innom eller står fast i eit mogleg snøkaos på vegen fram til oss, så kan du sjølvsagt høre oss live på Studentradioen i Bergen som vanleg og få julestemninga inn frå radioen din. Vi gleder oss og garanterer ein hyggeleg morgon med kjempefin stemning!

Kom innom Ad Fontes den 4. desember kl. 09:00! Her kan du melde deg på Facebook-arrangementet vårt.

 

 

Anbefalte artikler