Anmeldelse: Il Caprino

This content has been archived. It may no longer be relevant

I den velkjente Håkonsgaten er det nemleg dukket opp ein italiensk restaurant: Il Caprino.

Italiensk stemning

Det er ein nydeleg sommardag, og da reknar ein sjølvsagt ikkje med at så mange tek tida til å gå på restaurant. Ja, eg og Truls har faktisk heile staden for oss sjølv. Det er delte meiningar om utsjånaden til restauranten, da Truls ikkje heilt lar seg imponere av den italienske stilen. Han skuldar hovudsakleg på duken. Eg lar meg derimot imponere, og likar godt at deler av veggen er dekka av steinheller.

Det er fin bakgrunnsmusikk, litt Eurovision-feeling, men fin stemning. Menyen består av typiske italienske rettar, med eit hav av ulike pizza- og pastarettar. Den kan også tilby nokre få fiske-, kjøtt- og forretter, eit utval for å kunne tilfredstille dei fleste ganer.

Kelneren som serverar oss snakkar engelsk, for å toppe den italienske stemningen i restauranten. Ho er høfleg og me føler oss veldig velkomne.

Å få litt foccaciabrød mens me venta på maten falt i smak. (Foto: Truls Lier)
Å få litt foccaciabrød mens me venta på maten falt i smak. (Foto: Truls Lier)

Innbydande, men kjedeleg

Eg vil smake på pastaen dei tilbyr, og valte tortellini fylt med skinke og ost. Truls tar seg av pizzaen, og prøvar Primavera, med spekeskinke og tomat. Mens me ventar på maten får me servert foccacia.

Det er alltid hyggeleg med slik “ventemat”, men man har ein tendens til å hive inn på, og øydelegge apetitteten til hovudretten kjem.

Foccaciaen er ein kjedeligare versjon av det ein er vandt til, da den kunne hatt tomater i deigen eller i det minste eit saltdryss på toppen. Litt olivenolje med chili på brødet gav litt meir smak.

Truls måtte pøse på med chili-olivenolje for å gi pizzaen smak. (Foto: Maria Haugsgjerd)
Truls måtte pøse på med chili-olivenolje for å gi pizzaen smak. (Foto: Maria Haugsgjerd)

Førsteinntrykket me får då maten blir servert er bra. Begge rettane er pynta opp med persille og mengden ser overkommelig ut. Smaken på pizzaen Truls bestilte innfridde ikkje forventningane, den ser mykje meir spanande ut enn det smaken er.

Det kunne ha vore enda meir smak i skinka, ein fyldigare tomatsaus og ruccolaen kunne ha vore enda meir bitter. For å tilføre meir smak er det nok ein gong olivenolje med chili som må til, og bittelitt salt. Men til tross for ein litt skuffa Truls, gjekk pizzaen ned.

Min “Tortellini fylt med skinke og ost” ser ut som ein beskjeden porsjon fint pynta på asjetten.

Pastaen har perfekt konsistens, og ein fin mengde ost, nok til at det gjere maten fyldig, men ikkje kvalmande. Og tomatsausen gir retten ein litt sterkare smak. Det er ein veldig mektig rett og mengden er meir enn nok.

Dette var retten som falt i best smak hos begge. (Foto: Maria Haugsgjerd)
Dette var retten som falt best i smak hos begge. (Foto: Maria Haugsgjerd)

Redder seg inn med gratis mat

Både pasta- og pizzarettane ligg på prisar mellom 120-150 kr. Nokre av dei andre rettane er enda litt dyrare. Me synes prisane stod i stil med både maten og sjølve restauranten, heilt ok.

Ikkje ein spesielt dyr restaurant, men fleire andre italienske restauranter i Bergen kan tilby like god mat til ein enda mindre penge.

Da me skal til å betale er kortautomaten deira nede, og me må ut og ta ut penger i ein minibankt. Det kan vere at dette berre er eit eingongstilfelle, men det gir eit litt dårleg sisteinntrykk av restauranten når slike ting skjer.

Servitøren beklagar veldig, og sjarmerar oss da ho spring ut etter oss då me er på veg ut, for å gi oss eit foccaciabrød. Alt i alt vil me seie at det var ein heilt grei italiensk restaurant, men me vil neppe komme tilbake, da Bergen har mange andre betre studenttilbod.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler