Fysisk glede

This content has been archived. It may no longer be relevant

Glede er rett og slett ei kjensle som set ein i ei tilstand av lykke. Det er også noko me opplever individuelt, altså vil enkelte kunne bli glad av noko spesielt som andre derimot ikkje vert påverka av. Kor glad ein kan bli, eller i kor stor grad ein vert glad kan setjast i samanheng med kor følsame eller temperamentsfulle ulike personar er. Derfor kan ein seie at gleda er knytt til personlegdomstrekka til ein person, og kan dermed variere i intensitet etter desse.

Men er glede berre ei kjensle, eller noko meir enn det?

Filosofar, psykologar og religiøse tenkjarar har gjennom århundre prøvd å definere omgrepet glede, då særleg sett i samanheng med det å leve eit godt liv heller enn berre sjølve kjensla av glede. Glede har eigentleg ei litt tvag tyding, og det er vanskeleg å konkret definere kva kjensla faktisk omhandlar fordi det varierer sånn frå person til person. Psykologen Ed Diener, forfattar av boka Happines: Unlocking the Mysteries of Psychological Wealth, tek for seg det mange psykologar kallar subjektiv velvære, definert som:

”a combination of life satisfaction and having more positive emotions than negative emotions.”

Ofte vert det sagt at dersom ein tenkjer positivt og lever eit godt liv, har ein også størst sjanse for å oppleve glede. Men då står ein igjen ovanfor spørsmålet om kva eit godt liv eigentleg er, og kor subjektiv kjensla av glede er. I staden for å byrje å definere kva eit godt liv er, noko ein mest sannsynleg kunne skrive fleire bøker om, fins det faktisk reint fysiske faktorar som kan påverke kjensla av glede eller velvære.

Kroppen sine eigne rusmiddel

Kroppen vår er nemleg utstyrt med eigne innebygde og rusframkallande stoff som vert frigjorde ved enkelte aktivitetar og inntrykk. Her oppstår det kjemiske aktivitetar i hjernen, og då særleg i lystsenteret, nucleus accumbens. I lystsenteret fins det fleire millionar nerveceller som kan ta i mot stoffet dopamin. Når dopaminet vert frigjort i hjernen og påverkar nevrona, opplever ein gjerne denne rusen som ei løning for hardt arbeid.

I tillegg til dette er også kroppen utstyrt med naturlege smertestillande stoff, endorfinar. Endorfinar sjåast på som kroppens morfin, og er eigentleg ein type naturlege smertestillande stoff som vert danna i hjernen. Omgrepet endorfin er sett saman av orda endo, som betyr ”i kroppen” og orfin, som kjem av morfin, og vart først tatt i bruk på midten av 70-talet då forskarar klarte å identifisere morfinliknande stoff i hjernen og i spinalvæska i ryggmargen.

Endorfina vert frigjorde ved behov, til dømes under fysisk krevjande aktivitetar kor ein vert veldig sliten, eller ved skader. Opplevinga av smerte minkar når endorfina bind seg til eigne reseptorar i hjernen. Andre smertestillande stoff ein tilfører utanfrå bind seg til dei same reseptorane, noko som gjer at endorfinar fungerer som eit slags naturleg rusmiddel i kroppen.

Mange har kanskje opplevd at det er skikkelig kjipt å jogge dei første 15 minuttane ein tek fatt på langtur, eller synes at saltimar med spinning er dødsslitsamt i starten, men at denne kjensla av ulyst etter ei stund går over og vert erstatta av ei kjensle av velvære i staden. Motivasjonen til å gjenta opplevinga er avhengig av sjølve styrka på opplevinga ein har hatt. Dette heng saman med at dopaminet aukar intensiteten av nerveimpulsane, og at endorfina frigjer seg og bind seg til reseptorane sine. Dermed vert ubehaget erstatta av ei velværekjensle.

Juks deg til fysisk glede

Om du derimot ikkje kjenner deg så motivert på treningsfronten, fins det mange andre metodar for å oppnå same rusen og kjensla av glede (utan å drive med narkotika sjølvsagt). Endorfina og dopaminet i kroppen vert nemleg skilde ut når ein forelskar seg, har sex, et sjokolade, har latterkrampe eller er stressa. I tillegg skal rykta ha det til at lykkerusen i form av endorfinar også kan oppstå dersom ein et ein heil chili. Dersom dette ikkje er noko for deg kan akupunktur også trigge frigjeringa av endorfinar i hjernen. Det vert også utløyst i små mengder kvar gong me ler, eller gjer andre hyggelige aktivitetar, så vegen til glede er så og seie ikkje så vanskeleg å finne som ein kanskje skulle tru. Dette kan du høyre endå meir om i podcasten vår, (me har som alltid nokre gode tips på lager).

Sist men ikkje minst, så skadar det vel heller ikkje å møte omverda med eit smil og ei positiv innstilling!

Siste podcaster

    Anbefalte artikler