Språkprofessor ikkje imponert over nynorskkunnskapar

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kor ofte har du ikkje stoppa opp i skrivinga og undra deg over korleis eit ord skal skrivast. Skal det vere to s-ar og to r-ar i «dessverre»? Og kor ofte har du ikkje bladd febrilsk i ordboka når du skal skrive stilen din på Noreg sitt vanskelegaste språk – nynorsk?

Desse problema har ikkje norsklingvist og professor i nordisk språkvitskap Gunnstein Akselberg. Mannen arbeider med språk og skriftspråk heile dagen, og tykkjer alt innan temaet er interessant.

– Språk er jo alt. Det er måten ein uttrykkar seg på, måten ein tenkjer på, og det er noko ein aldri vil bli ferdig med.

Akselberg har røpt sitt favorittord blant alle norske ord. Vil du vite kva for eit ord det er?  Høyr heile intervjuet her:

Nynorskutfordring

For å teste seg sjølv og Akselberg i språk har tirsdagsgjengen i Studentmorgen introdusert han for “Nynorsk”-spalta. Her har Marius Holth valt ut ein sang han har omsett til nynorsk, lese den opp, for så å la dei andre gjette kva sang det er.

Akselberg seier seg ikkje særleg imponert over Marius sine nynorskkunnskaper, og har sete og notert under opplesinga med raud penn. Noko han meiner var heilt tilfeldig.

– Eg hadde trudd dette skulle gå bra, så eg var ikkje klar til å notere så effektivt fra starten av, ler Akselberg, før han legg til fleire ord på papiret sitt.

– Det er noko du kanskje burde øva litt meir på, som læraren din nok har fortalt deg tidlegare. Du sa blant anna “blekne”, noko som på nynorsk vil vere “bleikne”.

Dette var berre eitt av mange ord Akselberg ramsa opp. Han oppsummerer hovudproblema til Marius som to ting: Han hadde bokmålsord der han skulle hatt nynorskord, og på dei få rette orda så hadde han lagt inn feil kjønn, altså var grammatikken også eit problem.

– Du er veldig sporty, og viss du berre kikkar over det ein gong til så kanskje det ville blitt betre, konstanterer han.

Marius ba om tyn og kritikk, som han tidlegare hadde fått mykje av frå læraren sin, og det fekk han også.

Her kan du høyre Marius dumme seg ut med nynorsken sin: 

Dialekt i Clint Eastwood-stil

I tillegg til at nynorsk kan vere vanskeleg, så har me også eit stort spekter av dialektar i Noreg som kan vere minst like kompliserte. Akselberg innrømmer at å gjenkjenne dialektar ikkje er hans sterkaste sida, til tross for at akkurat dette er ein stor del av språkshowet han har saman med Linda Eide.

“Ut med språket” er ein underhaldningsserie med fokus på språk. Ved kvart show har dei med seg ein hemmeleg gjest som skal ha med seg fem ord eller dialektuttrykk frå den staden vedkommande kjem frå. Desse skal Eide gjette betydningen av, og ho har også med seg eigne ord frå Voss.

– Me legg opp til litt Clint Eastwood-stil, der me skal stå og liksom skyte, og sjølvsagt med cowboyhatt på hovudet, ler Akselberg.

Anbefalte artikler