Nytt album og minneverdige konsertar

This content has been archived. It may no longer be relevant

Fredag 13. mars slapp Ida Jenshus sitt nye album Starting Over Again, eit album som ho har hausta god kritikk for. Tysdag spelte den albumaktuelle countryartisten, som no er halvvegs i sin lanseringsturné, konsert på Lille Ole Bull.

Ute med nytt album

Jenshus har tre spellemannsprisar i bagasjen for sine tre tidlegare album. Starting Over Again vert altså den 27 år gamle trønderens fjerde album, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ho haustar inn ein ny spellemann også med denne plata. Starting Over Again har nemleg sanka flust med femmarar frå blant anna BA, Aftenposten, Dagbladet og Gaffa.

Med seg på låtskrivarlaget for denne plata har Jenshus hatt med seg blant anna J.D. Souther som tidlegare har arbeida med store namn som The Eagles og Jackson Browne (sistnemnte spelar forøvreg på Bergenfest i sommar). Ifølgje Jenshus sjølv skil denne plata seg merkbart frå hennar tidlegare utgivnadar. Gaffa hevdar i sin anmeldelse av albumet at Jenshus har gått delvis bortifrå country-pop, og heller fokusert på reindyrka 60-talls country-folk, medan Aftenposten karakteriserar albumet som ein krysning av folk, country og rock.

Jenshus er signert av Universal, og på Universals eigne sider finn ein dette sitatet: “I over et år har Ida Jenshus jobbet med å fornye seg og å bryte ut av egen komfortsone, både musikalsk og personlig”.

I møte med Studentmorgon legg Jenshus likevel til at denne endringa har funne stad i form av ei naturleg utvikling. Countryartisten har ifølgje seg sjølv aldri vore av typen som ønskjer å lage den same musikken omatt og omatt, ho har ikkje nokon interesse av å repetere seg sjølv.

— Eg høyrer ikkje berre på country, eg har aldri høyrt berre på det. Men denne gongen har eg prøvd meg fram ved å utforske fleire sjangrar for å prøve å finne mitt eige lydbilete.

Det at Jenshus ikkje ønskjer å repetere seg sjølv kjem tydeleg fram i uttalingane ho kjem med, for sin søken etter sitt eige lydbilete er noko ho håpar at aldri tek slutt.

Høyr heile innslaget:

Dårleg konsertoppleving

Det er mange konsertar Jenshus huskar godt, men ho vil hevde at ho huskar dei dårlege minnene best.

 Det har skjedd mykje forskjellig på konsertar oppgjennom tida, men ting ein hugsar godt kan til dømes vere når noko rett og slett har gått til helvete.

Ho trekk fram ei historie frå då ho haldt konsert i Østersund i Sverige. Der forsvann straumen heile tre gonger iløpet av konserten.

Me spelte på ein liten pub kor straumen plutseleg rauk halvvegs ut i konserten. Me valde å berre fortsatte å spele, og me hadde publikum med oss, og slik vart det liksom ein slags gag utav det.

Jenshus må likevel innrømme at det ikkje var like morosamt tredje gongen straumen rauk under konserten.

Forhåpentlegvis skjer det ikkje noko liknande under dei resterande konsertane på den noverande turneen hennar. I kveld speler ho på Festiviteten i Haugesund, og resten av turneen ser slik ut:

27.03 Voss, Vossajazz

09.04 + 10.04 Levanger, Frk Renbjør (solo)

11.04 Kristiansand, Haandverkeren (solo)

17.04 Brønnøysund, Kred

18.04 Mo I Rana, Teaterkafeen

23.04 Tromsø, Driv

24.04 Svolvær, Lofoten Kulturhus

25.04 Bodø, Sinus

Anbefalte artikler