Winter is coming

This content has been archived. It may no longer be relevant

Ein kan nemleg ikkje bure seg inne på rommet og sjå alle sesongane av yndlingsserien, eller halde seg konstant oppdatert på alt som fins av skisport, sjølv om dette sjølvsagt er eit godt alternativ dersom jula heller blir sørpegrå og kjip. Uansett, her kjem Vitenskrap sine beste overlevingstips til vinteren.

Snowball Blaster

Denne vil du absolutt ha i kjellaren mellom vanngevær og softgun, viss du er ein av dei typane. Denne blasteren lagar nemleg tre tettpakka snøballar om gongen og kan skyte dei opptil fleire titals meter! Absolutt eit julegåvetips til venner og søsken, eller ei god investering om du vil bli den tøffaste studenten i gata.

 

Skilbriller med HD kamera

Ja, du leste riktig. Gløym go-pro, gaffateipa og sjølvmonterte hjelmkamera, her har ein tidenes tøffaste skibriller med innebygd HD-kamera!

Desse brillene er mildt sagt geniale utan å sjå ut som noko ein gal professor har skrudd saman. Brillene er laga i slitesterk plast og reklamerer for 100% UV-verning. Kameraet i seg sjølv har antidogg-effekt, filmar i HD-kvalitet med ein vidvinkel på heile 170 grader, og kan også ta 12 megapiksels bilete. I tillegg har kameraet uendeleg fokus og justerer kontinuerleg lysstyrke og skrapheit. Med fullada batteri (som ein ladar med ein USB-ledning), har kameraet ein kapasitet på heile 3 timar. OMG. Med desse high-tech brillene gler vertfall Vitenskrap seg til å ta på seg ski!

Static Electricity Eliminator

Dersom du er ein av dei som heile tida lir av elektrisk støyt kvar gong du skal plukke opp laptopen på lesesalen, opne bildøra eller high-five førelesaren, fortvil ikkje! Du er ikkje i ferd med å bli gjort til slave av vondsinna robotar som tek over verda og du er heller ikkje ein superhelt. Du er faktisk eit heilt vanleg menneske.

Grunnen til at du opplever slike elektriske støyt er fordi noko som vert kalla statisk elektrisitet oppstår (har du allereie høyrt om dette? Smaaarting!) Kort fortalt kjem slike støyt av statisk elektrisitet, ein opplagra elektrisk ladning.

Denne oppstår når to elektrisk ladde gjenstandar vert gnidd mot kvarandre og den eine overfører elektron til den andre. Altså dannar det seg eit overskudd av elektron i den eine, og eit overskudd i den andre, logisk nok. Kroppen bygger opp ein stor ladning dersom du til dømes gnir handa mot eit golvteppe, og deretter tar i eit metallhandak. Dette er, som dei fleste sikkert har opplevd, ganske ubehageleg. Men, slit du med dette har me sjølvsagt ei løysing på problemet!

Static Electricity Eliminator lever opp til sitt namn, den fjernar nemleg statisk elektrisitet. Dersom ein føler at stemninga er litt ”ladd” treng ein berre å halde gummiknotten fremst på SEE mot ein metallgjenstand og vips, eit lite glimt vil visast på skjermen og du kan vere sikker på at du er fri for statisk elektrisitet.

Det som kanskje er mest genialt er at denne hendige vesle dingsen ikkje går på batteri, den får nemleg all den elektriske energien den treng når du bruker den. WOHO, så i følge nettsida thinkgeek.com er det berre å gjere slik dei anbefalar, eg siterer:

So shout with us. I defy thee, oh daemon of static! Come on, we said SHOUT!”

 

Thermacell Rechargeable Heated Insole

Denne megasmarte gadget’en fortjener så absolutt ein plass i skapet. Spesielt for deg som konstant går rundt å frys på beina med ein gong kulda slår inn. Som de sikkert allereie veit, er føtene ofte den delen av kroppen som vert kaldast først, og når ein først har blitt kald på føtene vert ein gradvis kaldare og kaldare (det er her ein vanlegvis byter sokkar for å få varmen, men det er det ikkje alle som skjønar). Uansett, desse Thermacell-oppvarma innleggssolane er nettopp laga for å sleppe å slite med problemet med kalde føter. Solane går på lithiumbatteri som er oppladbare og har utrulig lang batteritid. Ein kan velje mellom tre ulike temperaturar ein kan regulere med det nettsida reklamerer for at er ein 100% trådlaus fjernkontroll. TENK så ufattelig digg å ha når ein sitt å frys ihel på lesesalen like før eksamen, eller når ein traskar i kalde og følelseslause støvlar gjennom dei slapsete gatene i Bergen.

Alle desse megafancy gadgetsene kan leitast fram i den store verdsveven, eller finnast på thinkgeek.com, så her er det berre å slå seg laus med julepresangar og eksamensbelønning!

Anbefalte artikler