Ein snikmordar som ikkje snikmyrdar nokon?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Celaena Sardothien. Eit hjarte av is. Ein vilje av stål. (Foto: Goodreads.com)

Kvar månad denne hausten inviterer vi i Med Gandalf til Galaksen til bokklubb. I oktober var det Throne of Glass av Sarah J. Maas som stod for tur.

Livet er hardt

Throne of Glass er den første boka i serien om snikmordaren Celaena Sardothien: vakker, dødeleg og destined for greatness, om vi skal tru baksideteksten. Ho er 18 år og har sona eit turbulent år av ein livstidsdom i saltgruvene i Endovier fordi ho som verdas beste snikmordar gjorde ein feil: ho blei tatt.

Då kronprinsen av Adarlan gir ho eit ultimatum, må Celaena velje mellom å representera kronprinsen i ei turnering mot landets beste tjuvar og snikmordarar, eller rotna vekk i Endoviers saltgruver der døden venter rett rundt hjørnet. Vinnaren av turneringa blir hyra inn som kongelig snikmordar og lovnadar om fridom etter tre år.

Problemet med å tapa er at det er ei turnering til døden skil oss ad. Celaena gjør som snikmordarar flest, ho takkar ja. Å tape er ikkje eit alternativ for verdas vakraste og dødelegaste snikmordar.

Mine to skilling

Rammene rundt historia er lovande: snikmordarar, hemmelige turneringar, tjuvar, intriger ved slottet, action og eventyr. Høna eg vil plukke med Throne of Glass, er at til å være ei bok som lovar snikmord og harde konkurransar, er det overraskande lite snikmord og harde konkurransar som faktisk skjer. Talet på snikmord Celaena gjør i boka: 0.

Ein skulle tru at om ein puttar tjuvar og snikmordarar saman, så blei det lite nevekamp, dolkar i ryggen og sarkastiske kommentarar. I staden er det ein langdryg konkurranse med blant anna bogeskyting, rarpellering og identifisering av gifter som står på programmet. Det som derimot har fått stor plass i boka, er kjærleikslivet til Celaena. Ikkje så rart, i og med at ho er den vakraste snikmordaren i landet. Og den dødelegaste.

Eindimensjonale karakterar og ei haltande handling gjør at boka berre får to av fem stjerner av meg på Goodreads. Men boka er for all del lettlest og Cicilie i redaksjonen slukte den på høgkant og venter ivrig på å få fingrane i neste bok.

Vil du vite korleis det gikk med Celaena? Då må du lese boka.

Avslutningsvis vil eg gi deg eit lite innblikk i tankane til Celaena, i det ho blir ført frå dei skitne saltgruvene og opp til kronprinsen av Adarlan for første gang. Sliten, svolten og livredd for kva som venter ho.

 “Captain Westfall was not excessively handsome, but she couldn’t help finding the ruggedness of his face and the clarity of his golden brown eyes rather appealing. She cocked her head, now keenly aware of her wretched dirtiness.”
Celaena Sardothien, s. 6

Lyst til å høyre meir om eindimensjonale karakterar , horror eller anna fantasy og science fiction? Lytt til podcast nederst  i saken, sjekk ut tidlegare sendingar her, eller tune inn på studentradioen i Bergen kvar tysdag frå 12.00 – 13.00.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler