Refrengande melankoli

This content has been archived. It may no longer be relevant

Unge og framleis lovande artistar ivrar og draumar om å slå gjennom på den store scena. Vegard Eide sitt liv dreiar seg stort om musikk, men draumen hans er i første rekkje å kome ut med sitt eige album. Innan fire-fem år.

Melankolsk

Den mørke stemma frå Nordhordland som nyleg spelte under Phonofestivalen er for augeblikket grunnskulelærar-student ved Høgskulen i Bergen. Der studerer han med musikk som hovudfag, ei interesse som kom tidleg fram, godt hjulpen av artist-storesøster Monica Eide. Sidan følgde ei stereotypisk artistspire-utvikling: han fekk sin første gitar, spelte i garasjeband og begynte å skriva sine eigne låtar.

Som mange andre synest singer/songwriteren at det er vanskeleg å kategorisere musikken sin.

– Det er liksom i popsjangeren ein plass, men ikkje listepop, men samtidig er kanskje refrenga fengande, refrengande.

Viss han måtte dra ein parallell til nokon i det musikalske landskapet er det i første rekke tre norske artistar han dreg fram.

– Eg pleier å samanlikne meg med ein slags blanding av Thomas Dybdahl, Kings of Convenience og Sivert Høyem.

Til slutt klarar han også å konkludere med noko kring musikken hans.

– Melankolsk.

Phonofestivalen

Vegard Eide gjekk på scena på laurdagen under årets Phonofestival og var godt nøgd i etterkant.

– Det var veldig bra lyd, og framføringa gjekk bra.

Han legg inn eit atterhald ettersom han etter si eiga meining ikkje er noko entertainer og showman frå scena. Antakeleg var han unnskyldt frå publikums side ettersom Eides melankoli går hand i hand med hans sindige og stilfulle framføring.

I Teglverket på Kvarteret fekk dei som møtte fram høyre to heilt nye låtar, i tillegg til to frå den komande EP-en. Datoen for den er ikkje satt, men er venta å kome ut på seinhausten. Då håpar han også at nye konsertoppdrag ventar.

– Eg tar det litt som da kjem, seier han i sedvanleg stil.

Album derimot stressar han ikkje med. Eide innrømmer at han tek seg god tid og jobbar tidvis treigt med sine nye låtar. Det er mellom grunnane til at Eide ser for seg at eit album først ligg nokre år fram i tid.

Lytt til vårt intervju med Vegard Eide før Phonofestivalen her :

– Draumen er å lage skikkeleg bra musikk, og koma ut med eit album.

Noko uttalt mål om å slå i gjennom og kunne leve av musikken har 22-åringen ikkje, sjølv om musikken høyrer med i studiar, jobb og fritid. Likevel ser han ikkje noko behov for å nødvendigvis appellera til flest mogleg, å gå på akkord med eit publikum for å få nå ut til fleire.

– Viss du lagar noko skikkeleg bra, vil jo flest mogleg av dei som likar det høyre på det.

I sin vesle fanskare har han særleg lagt merke til at ei gruppe tidvis er særleg representert: kvinner i 30-årsalderen og opp. Men Eide nektar for at han bevisst flørtar med den eldre garde gjennom sine tekstar. Han er heller audmjuk for den merksemda han får.

Kor Vegard Eide er om fem eller ti år er det ingen som veit, ei heller han sjølv. Det einaste som er sikkert er at han på eit eller anna vis vil styre på med musikk.

Sjå og høyr Vegard Eide framføre “I Need You” live i studio her:

Anna talent?

Same helg som Vegard Eide spelte på Phonofestivalen var det også duka for Bergen teikneseriefestival, Raptusfestivalen. I vår forhåndsresearch hadde vi i Studentmorgon fått nyss i at han ikkje berre kunne få fingrane til å dansa på gitarstrengane, men at han kanskje også hadde eit anna, mindre kjent talent.

Han spelte riktignok kun på førstenemnde festival, men burde han også vore på plakaten til Raptus? Vi stilte han difor til veggs: er Vegard Eide også flink å teikna?

– Nei, det er då ikkje meg, det er mitt alter ego Vegard Eide.

– Kunne du (han) tenkt deg å vere med på Raptusfestivalen?

– Eg trur nok paint-“skillsa” til Vegard Eide er litt for dårlege.

Han klarte i alle fall å imponere gjengen i Studentmorgon.

Eit par døme på Vegard Eides teikneserietalent (Illustrasjon: Vegard Eide)
Eit par døme på Vegard Eides teikneserietalent, alt laga i Paint. (Illustrasjon: Vegard Eide)

Sjekk også ut Vegard Eide si Facebook-side.

 

 

Anbefalte artikler